Første møte i formannskapet

Blant sakene som skal opp i formannskapet er: besøk av First Lego League vinnarane, høyringsfråsegner i forslag til endringar i barnehagelova og oppmoding om busetting av flyktningar 2024. 

Gruppe med mennesker med ryggen til i møte - Klikk for stort bileteIllustrasjon Jon Åge Giske Andersen

I starten av møtet kjem Cr8tive Crew frå Hessa skole på besøk. Dei har kvalifisert seg vidare til den internasjonale finalen i First Lego League i Huston Texas. Her vil dei gje ein presentasjon av prosjektet sitt og fortelje meir om reisa vidare.

Høyring om forslag til endringar i barnehagelova

I november fekk Ålesund kommune ei høyring på over 200 sider om endringar i barnehagelova med føreskrifter. Ålesund kommune er i stor grad er einige om målsetningane og bakgrunnen for endringane. Dette er fordi dagens lov kjem frå den tida målsettinga var å ha full barnehagedekning, mens det no er eit større behov for å styre barnehagesektoren mot ein høg kvalitet og eit likeverdig barnehagetilbod, med den nye barnehagestrategien fram mot 2030.

For å kunne tilby høg kvalitet og eit likeverdig barnehagetilbod jamfør den nye barnehagestrategien, er det menge endringar som må gjerast. Det er difor viktig at ikkje alle endringar skal settast i gang samtidig, men at kommunen har ein trinnvis plan for igangsettinga, der ein får på plass styringsverktøya først.

Busetting av flyktningar i 2024

Ålesund kommune har blitt oppmoda av Integrerings og mangfaldsdirektoratet (IMDi) om å busette totalt 410 flyktningar i 2024, deriblant 8 einslege mindreårige. Av desse skal 2 av desse plassane gå til busetting av einslege mindreåringar under 15 år, og dei resterande 6 til einslege mindreåringar over 15 år.
På grunn av situasjonen i Ukraina har IMDi har varsla at det i 2024 er behov for at kommunane tek i mot ein større andel flyktningar enn det har vore i tidlegare år, slik som det var i 2022 og 2023. I følgje IMDi sine prognosar er det berekna å vere behov for om lag 37 000 flyktningar totalt for Noreg. Dette er eit usikkert tal, og det er stor risiko for at behovet kan vere mindre eller større.

For Ålesund kommune er det mange faktorar som skal leggast til grunn. Kommunen er i ein krevjande økonomisk situasjon med stort press på fleire av dei aktuelle tenesteområda i tillegg til at det er mangel på tilpassa bustadar. 
Det er per i dag få kommunale bustadar ledige, og sjølv om det er stor vilje i befolkninga til å leige ut bustadar, opplevast situasjonen på den private leigemarknaden som utfordrande sidan prisnivået på leigemarknaden har auka det siste året. Det har det siste året vore krevjande å finne bustadar til einslege personar med ein leigepris som flyktningane klarer å betale.

Andre saker på sakslista

  • Bypakke Ålesund - Justering av takstar grunna prisvekst
  • Oppmoding om namnesak på skrivemåten Bru/Bro og stadnamnet Brusundet/Brosundet Ålesund kommune.
  • Planstrategi Ålesund kommune 2024-2027 - rammer og prosess
  • Endring av vedtektene til Stiftelsen Sjømanns kvile
  • Åknes Tafjord Beredskap IKS - vurdering om medlemskap og vidare organisering av fjellskredberedskap
  • Val av styremedlem og vara Åknes Tafjord IKS - ÅTB IKS
  • Ålesund kyrkjelege fellesråd 2024 - 2027 - oppnemning av medlem og varamedlem
  • Styringsgruppa for bypakken - val av leiar

 

Du kan følge møtet direkte kl. 09.30, eller sjå opptak på KommuneTV, og du kan lese meir om sakene i møteprotokollen: