Fornyar på Moa svømmehall

Frå og med 14. august stenger Moa svømmehall dørene, grunnen er at du seinare i haust kan få bruke splitter nye garderobefasilitetar.

Kveldsstemning på Moa svømmehall.jpg - Klikk for stort bilete

Driftsleiar Endre Helgå fortel at det er no alle må benytte sjansen til å bade i gode 28,5 – 34 grader i vatnet.

- Moa svømmehall er for mange sjølve symbolet for folkehelse. Svømmeundervisning, mosjon, fysisk aktivitet, leik og moro, idrett, fysiogrupper og ikkje minst ein viktig sosial arena. Måndag 14. august stenger vi ein periode for å rehabilitere garderobar, dusj, badstover og toalettareal. Det blir estimert ei tid på om lag 2,5 til 3 månader på prosjektet. Vi gir status undervegs på heimesidene og facebooksiden vår, seier han.

Helgå har full forståing for at det kan vere utfordrande for alle brukargrupper at symjehallen held stengt i ein så lang periode, men rehabiliteringa er heilt nødvendig.

- Vi gler oss til nye fasilitetar som vi alle kan nyte godt av!

Alle som har familie- eller årskort får forlenga desse likt med tida svømmehallen er stengd.