Førebudd på sterk vind

Kommunen og innbyggarar er nå i beredskap for ekstremveret Ingunn, som er på vei inn.

Oransje fare, vind-ikon - Klikk for stort bileteOransje farevarsel for vindkast betyr at man skal være førebudd. Situasjonen er alvorleg. Varsom.no

Farevarselet frå Metrologisk er nå justert ned frå rødt til oransje nivå. Likevel har vi eit varsel om svært kraftige vindkast i kommunen vår, og kommunen følgjer situasjonen nøye.  

Den sterke vinden er ventet å ha ein topp kl 22 i kveld. Kommunen endrar ikkje råd og avgjersle om å redusere fritidsaktivitetar onsdag kveld  

Forventar normal drift torsdag

Slik meldingane ser ut forventar vi normale forhold på torsdag, og vi planlegg for at aktivitetar blir teke opp att og at skulane kan ha normal drift igjen torsdag.  

Kriseleiinga vil følgje meldingane og råd frå sentrale myndigheiter. Med mindre prognosane endrar seg vesentleg er dette vedtaket frå kriseleiinga.