Feilsendte tilvisingar har ikkje ført til pasientskade

I 12 tilfelle har tilvisingar til Ålesund kommune vore feilsendt. Nærare undersøking viser at dette ikkje har ført til pasientskade.

Bygning i Ålesund sentrum - Klikk for stort bileteÅlesund rådhus Ålesund kommune

Ålesund kommune fekk 5. desember 2023 informasjon frå Helseplattformen AS om feilsende tilvisingar til Ålesund kommune som har mangla overvaking.

Kommunen har ved tilgang til kva pasientar dette gjeld gjennomgått dei feilsende tilvisingane.

Etter gjennomgang av meldingar som er meldt og har feila, for 12 pasientar, finn kommunen ikkje at det har medført pasientskade.

Feilsendingar har blitt fanga opp i kommunen sidan innføring av Helseplattformen 28.04.23. Dette har vore gjort ved bruk av rapportar i Helseplattformen, direkte kontakt med verksemder utanfrå kommunen som sender feil tilvisingar, god praksis og samarbeid med pasientar og tenester.

– Vi er glade for at feilsendte tilvisingar ikkje har ført til pasientskade, og gjennomgår vidare interne rutinar som eit ledd i det kontinuerlege forbetringsarbeidet. Vi arbeider målretta for at tenestene skal vere verknadsfulle, trygge og sikre, samordna og prega av kontinuitet, fortel kommunalsjef for helse, Synnøve Vasstrand Synnes