Ekstremvêret "Ingunn" - her kan du melde frå

Lurer du på kvar du skal melde frå om skadar eller hendingar i samband med ekstremvêret “Ingunn”? 

Gjeld det tre over veg, knekt eller skadd gatelysmast (eks. open straumkabel), utvaska veg eller ras,  brann eller innbrot,  ta kontakt med nødetatane.

Nødnummer

  • 113  Akuttmedisinsk nødnummer
  • 110 Brann og utrykning
  • 112 Politiets operasjonssentralar
  • 1412 Nødnummer for døve
  • 116 117  Legevakt og overgrepsmottak

Meld om feil

Vil du melde frå om noko innan vatn, avløp, veg, gatelys, forureining, park eller idrettsanlegg, som ikkje er akutt? Her kan du melde frå.  Under ekstremvêret følgjer vi med fortløpande og vurderer om noko må gjerast.

Vakttelefonar for vatn og avløp
Stad Etter kontortid I kontortid
Tidlegare Ålesund 951 62 000 (ikkje sms) 70 16 20 00
Tidlegare Sandøy 951 62 000 (ikkje sms) 70 16 57 00
Tidlegare Skodje 951 62 000 (ikkje sms) 70 24 40 00
Tidlegare Ørskog 951 62 000 (ikkje sms) 70 16 59 00

Her kan du sjå ei oversikt over alle vakttelefonar