Digitalt foreldremøte med Politiet

Korleis er det å vere ung i Ålesund og korleis er ungdomsmiljøet i Ålesund, Giske og Sula? Politirådet i Ålesund ved SLT-nettverket og førebyggjande eining i Ålesund politistasjon inviterer til eit digitalt foreldremøte 25. oktober.

Illustrasjon som viser ein PC-skjerm - Klikk for stort bileteDigitalt foreldremøte med politiet og SLT-koordinator Ålesund kommune

Målgruppa er føresette med barn mellom 13 -18 år, men alle føresette og ungdom er velkommen til å delta. 

Møtet vil bli sendt direkte på Ålesund kommune sin YouTube-kanal, og opptak av møtet vil vere tilgjengeleg i etterkant.