Ungdomsrådet i Ålesund kommune har samrøystes vedtatt at Ungdommens kulturpris for 2021 vert tildelt Monika Sæth Bjørlykhaug. (f.1997).
Grunngjevinga for at ho vert tildelt denne prisen er:
Monika starta på Barnelaget i Vatne Frilynde Ungdomslag 6 år gamal. Etter ei kort periode så kom ho heimatt og sa: Er det ein plass eg aldri skal slutte, så er det her.
I 2009 (12 år gamal) starta ho som leiar i Barnelaget. Ho var då medansvarleg for 30-40 born. Sidan 2012/13 så har ho hatt ansvaret aleine. I år så er det 49 born i alderen 6-18 år. Ho instruerar borna i Folkedans, Leikarring, Modernedans og Linedance. Song og Skodespel øver dei på kvart år frå september til jul, for då er det Julefest for borna med familiar.
I sommar så framførte teatergruppa Grease, som vart ein suksess. Ho lever og ånder for barnelaget, øver inn nye dansar, skriver om skodespel slik at det skal passe til antal medlemmar som skal ha roller. Veldig engasjert, ho kan plutselig en sommars dag, ta fram julespelet og skrive om, justere replikkar, skrive inn roller osv. Dette gjeld også dans. Ho dansar ute, inne hos besteforeldre, for det er ofte noko ho vil vise. I 2016 starta ho på lærarstudiet i Volda, ho tek da turen tilbake til Vatne nesten kvar fredag for å være i lag med ungane i barnelaget. Ho er saman med dei minste borna (1. – 4. trinn) frå kl 18-19, og dei største (frå 5.trinn og oppover) frå kl 19-20.
Frå kl 20-21 har ho øving med teatergruppa. Ho har skrevet om fleire manus slik at det passar til teatergruppa. Dette er ein stor jobb og Monika er utrulig stolt når gruppa viser det ferdige resultatet. I Volda var ho også med og dansar samen med Onsdagsdansarane. Dei synest at det var utrulig kjekt å få med ei ung dame. Dette gjorde ho for at ho synest at det er kjekt og for å lære seg nye dansar som ho tar med seg til barnelaget.
Sommaren 2019 valgte ho å flytte tilbake til Vatne, det siste studieåret i Volda var samlingsbasert.. På denne måten så kan ho lettere yte enda meir til Barnelaget. Til jula i 2019 hadde Barnelaget et Julespel som ho hadde skrevet sjølv som handla om både raude og blå-nissar, det kalla ho Kampen om Langlua. Ho som aldri hadde strikka før strikka alle blånisse luene. Viser litt om engasjementet ho har. I Covid-perioden har utfordringane vært mange. Barnelaget hadde starta med øving på musikalen Frost som dei skulle ha til Jul 2020, dette vart dessverre ikkje mogleg å gjennomføre, men dei slutta aldri å øve. Så til slutt for å få førestillinga ut til foreldra så valte VFU å engasjere filmklassa ved Akademiet som kom å filma. Dette blei ein veldig flott film som alle barnelagsbarna synest var veldig stas.
Men sjølv i denne perioden så er ho ei veldig viktig medverkande grunn til at medlemsmassen i Barnelaget er økende, pr dd 52 born. Dette viser kor viktig kulturlivet er i ei lita bygd som Vatne og at oss har eldsjeler.
Ho er pliktoppfyllande, omgjengeleg, smilande, imøtekomande og rett og slett UNIK. Vatne Frilynde Ungdomslag hadde sikker ikkje hatt barnelag på Vatne om det ikkje hadde vært for ho.