Desse skal vere med å bygge Haram 2024

Etter at den interne fordelinga av tilsette mellom Haram 2024 og Ålesund 2024 vart klar, har ein sett i gong med tilsetting av nytt personell der det har vore behov for det. Ei rekke stillingar har vore lyst ut for Haram 2024, no er seks nye tilsette klare til å bygge den nye kommunen 

Ragnhild Movik er tilsett som politisk sekretær. Ho kjem rett frå masterstudie i Tromsø, med rykande fersk kompetanse. Ho har gjennom heile studieløpet sikta seg inn på offentleg administrasjon, og er no spent på å ta fatt på arbeidet. 

– Det er veldig spennande å kome inn i prosessen der ein kommune skal bli to. Det er jo ikkje noko som skjer til vanleg. 

Den politiske sekretæren skal vere bindeleddet mellom politikarane og administrasjonen, ho har sin første dag 21. August. 

Enis Colic er tilsett som rådgjevar for økonomi og finans, og startar opp 22. August. Han er i ferd med å fullføre ei mastergrad i organisasjon og leiing, og har bakgrunn som controller på NAV hjelpemiddelsentralen, og var avdelingsleiar ved NAV Brattvåg før det.  

Bodil Iren Mo er tilsett som arkivleiar i Haram. Ho kjem med fleire års arkiverfaring frå Kystverket.  

– Eg ser fram til å jobbe for nye Haram kommune, og skape gode tenester for innbyggjarane. Gjennom digitale- og analoge arkiver skal samfunnsoppdraget til Haram kommune kunne dokumenterast. For å sikre arkiva gler eg meg til å samarbeide internt med dei ulike fagmiljøa, samt ha god dialog med eksterne aktørar. 

Olga Eliassen og Violeta Livia Stroe er begge tilsett som spesialkonsulentar hjå rekneskap og løn. Olga kjem frå Nomia As, med lang erfaring som rekneskapsførar.  

– For meg er det veldig spennande å få begynne i ein heilt ny kommune. Eg gleder meg til å bidra i å bygge og utvikle Nye Haram kommune. 

Violeta er utdanna innan rekneskap og har master i finansiell analyse.  

Ho har jobba med rekneskap før ho kom hit til Norge, og med fakturering og lønn i sin siste jobb. 

– Som person trivst eg med mykje arbeid og mange utfordringar. Er analytisk, strukturert, effektiv og lett å samarbeide med. Ser fram til positivt samarbeid og å møte teamet! 

Knut Marton Leine er tilsett som HR-sjef. Han kjem frå ei stilling som avdelingsleiar i Falck Norge Karriere, med mange års erfaring frå HR-leiing. 

– Det er med glede eg ser fram til å jobbe i Nye Haram kommune. Eg vil gjere mitt for å bidra til at kommunen skal vere ei attraktiv og god kommune å jobbe i.   

Dei nytilsette startar opp til litt ulik tid, men skal alle vere på plass innan starten av oktober. Det er framleis fleire som skal tilsettast, og fleire stillingar utlyst. Vil du også vere med på laget? Gi lyd frå deg, og finn stillingane på nettsida vår.