Bro eller bru og forskrifter om permisjon og skolereglar

Tysdag 12. mars kl. 09.30 er det klart for nytt møte i formannskapet. Her kan du lese meir om kva saker som skal opp.

Hendes som blar i papir - Klikk for stort bileteIllustrasjon Ålesund kommune

Ålesund kommune har bedt Statens kartverk om å starte ein namnesak angåande bruk av skrivemåten "bro" eller "bru" for broar i delar av kommunen. Dette vert gjort for å avklare dialektgrunnlaget for bruken av "bro" i områda. Kommunen vedtok i 2010 å bruke "broa" i tre brunavn, men i sentrumsnære område er det ein blanding av "bro" og "bru". Statens kartverk vil fastsetje skrivemåten basert på lokal dialektuttale og ber om innspel frå lokalsamfunnet. Før Kartverket tek ei avgjerd, har kommunen rett til å uttale seg.

Det vert vurdert at i store delar av kommunen er det naturleg å bruke "-brua" basert på uttalen, og det er difor behov for å avgrense bruken av "-broa". Ålesund formannskap blir bedt om å gi si uttale angåande bruken av "bru" eller "bro" og ei geografisk avgrensing av dette.

Forskrift om permisjon frå opplæringa Ålesund kommune

Den nye opplæringslova, gjeldande frå 01.08.2024, krev at kommunane har forskrifter som regulerer permisjon frå opplæringa. Opplæringslova § 2-2 tillèt kommunen å gi permisjon dersom eleven får tilstrekkeleg opplæring og den inneber at kommunen må fastsette ein forskrift om permisjon frå skolen. Ålesund kommune manglar per i dag ein slik forskrift, men har retningsliner for permisjon utanom skolens ferie- og fridagar som gjev moglegheit for opptil 10 skoledagar fri. Den føreslåtte forskrifta inneber liknande reglar, men med ein endring i fråværsskillet frå fjerde dagen.

I den nye forskrifta må ein ta stilling til kor mykje permisjon som skal givast og argument for og imot innvilging av permisjon. Vurderinga av forsvarleg permisjon inkluderer omsyn til elevens læringsutbytte, skolens aktivitetar i permisjonstida, nasjonale prøver, og om foreldra vil sørge for eigna opplæring. Kommunen må avslå permisjon dersom den resulterer i uforsvarleg opplæring. Opplæringslova understrekar at alle skuledagar er obligatoriske, med 175 dagar til feriar og andre aktivitetar.

Kommunedirektøren tilrår klare avgrensingar på permisjonens omfang, føreseielege reglar, og framleis ein grense på 10 dagar per skoleår. Ved lengre utanlandsopphald opphøyrer opplæringsplikta i Noreg, og permisjonsreglane gjeld ikkje.

Kommunedirektøren si innstilling er at forslaget vil bli lagt ut til offentleg høyring, der høyringsinnspela blir vurdert, og at det endelege forslaget til «Forskrift om permisjon frå opplæringa Ålesund kommune» blir lagt fram for hovudutvalet for oppvekst og kultur og kommunestyret våren 2024.  

Forskrift om skolereglar for grunnskolane i Ålesund kommune

Frå og med 1. august 2024 vert det innført ei ny opplæringslov for grunnskolar og vidaregåande skolar. Denne lova krev at det blir fastsett lokale forskrifter, mellom anna om skolereglar. Forskrifta som er foreslått tar omsyn til den nye lova, råd frå Utdanningsdirektoratet om bruk av mobil og smartklokker, og tidlegare ordensreglement.

Høyringa skal sikre at barn og unge får delta i prosessen, og at føresette og innbyggarar i Ålesund kommune får høve til å kome med innspel.

Den nye opplæringslova er vedteken av Stortinget og trer i kraft frå 1. august 2024. Forskrifta til den nye lova er no til vurdering, og dersom det blir endringar som påverkar ordlyden i skolereglane i Ålesund kommune, vil dette bli tatt omsyn til ved endeleg behandling. 
Den nye opplæringslova pålegg kommunane å gje forskrift om skolereglar. Denne forskrifta skal blant anna regulere organiseringa av skoledemokratiet og rettane og pliktene til elevane, inkludert orden og oppførsel.

Ålesund kommune må ha ei felles forskrift om skolereglar for alle kommunale grunnskolar. Desse reglane skal danne grunnlaget for elevanes trivsel og tryggleik på skolen, og bidra til eit velfungerande skolesamfunn.

Kommunedirektøren vurderer at forslaget til forskrift om skolereglar er i tråd med den nye opplæringslova og dei gjeldande råda. Forskrifta vil gi tydelege retningslinjer for elevanes oppførsel og skoledemokratiet, og støtte den sosiale læringa i skolane.

Forskrifta vil gjelde for alle kommunale grunnskolar i Ålesund kommune. Kommunedirektøren tilrår at forslaget vert sendt på offentleg høyring i seks veker, og kommunen vil sørgje for at elevråda, samarbeidsutvala og FAU blir involvert. 

Du kan følge sendinga på kommuneTV og her kan du lese meir om sakane: