Betre oppfølging for kreftpasientar

Kreftpasientar i Ålesund kommune, får no eit meir systematisk og omfattande oppfølgingstilbod, gjennom «pakkeforløp heim for pasientar med kreft». Kva betyr det?

Kommunalsjef for helse og omsorg, Synnøve Vasstrand Synnes - Klikk for stort bileteKommunalsjef for helse og omsorg, Synnøve Vasstrand Synnes

Eit pakkeforløp skildrar ei heilskapleg organisering av utredning og behandling, kommunikasjon med pasient og pårørande, kven som har ansvar for dei ulike tiltaka og ein konkret tidsplan for gjennomføringa.

Målet er at pasientar skal oppleve eit godt organisert, heilskapleg og forutsigbart forløp.

Livskvalitet og meistring

Helsedirektoratet lanserte «pakkeforløp heim for pasientar med kreft» i 2022, og no vert det sett i verk lokalt hos oss. Dette pakkeforløpet skal famne oppfølging av behov hos pasientar med kreft, ut over den medisinske kreftbehandling, og sette det i system.

Oppfølginga hos kommunen skal ha eit særskilt fokus på:

  • Livskvalitet
  • God helse
  • Meistring
  • Pårørande
  • Barn som pårørande

Trur på betre oppfølging

Ei fersk pasientforløpsundersøking utført av Kreftforeningen frå november 2022, viser at pasientar er godt nøgde med behandlinga i spesialisthelsetenesta men at oppfølginga sviktar ved overgangen til kommunane.

Berre 18% svarar dei er nøgde med denne overgangen. Alle pasientar med kreft får med «pakkeforløp heim for pasientar med kreft» tilbod om oppfølgingssamtalar i kommunen 3-4 månader og 12-18 månader etter kreftdiagnosen.

Tilbodet er til alle pasientar med ei kreft-diagnose, uavhengig av prognose og andre behandlingstilbod.

Pakkeforløp heim for pasientar med kreft kan med dette bidra til å styrke både pasientar og pårørande der dei er i sitt forløp, i tillegg til å styrke samhandlinga mellom tenestene.

– Vi trur dette vil vere eit stort steg i rett retning, og håpar det vil møte dei behova ein har sett for ei betre oppfølging av innbyggarane våre som er råka av ei kreftdiagnose. At oppfølginga no er sett i system, håpar vil gje ro i ei vanskeleg tid, fortel kommunalsjef for helse, Synnøve Vasstrand Synnes.