Arbeid på Borgundfjordstien

Vi steller i stand friområdet og turvegen. Difor blir det endringar på kvar du kan gå nokre veker tidleg i sommar.

turveg og natur ved sjøkanten - Klikk for stort bilete

 

I fjor haust fekk Ålesund kommune, vatn og avløp, avslutta ureinsa kloakkutslepp i Bogneskroken. Det vart lagt nye leidningar og bygd ny pumpestasjon. Så kom vinteren med snø og frost og hindra arbeidet med å stelle i stand igjen.

Frå slutten av mai og utover skal vi endeleg rydde opp igjen etter oss og ta siste finishen.

Arbeidet starta rett over pinsehelga og er planlagt å ta inntil fire veker. I arbeidsperioden må turvegen frå Bogneset til Slevika vere stengt.

Det blir skilta korleis folk kan gå for å kome seg forbi der turvegen er stengt. Vi oppmodar folk om å gå utanom anleggsområdet og følge skiltinga. Det er tryggast både for deg som går tur og dei som arbeider i området.