Ålesund kommune og Skatteetaten i samarbeid mot useriøse leverandørar

Ålesund kommune har gått saman med Skatteetaten i kampen mot arbeidslivskriminalitet for å hindre at useriøse leverandørar får oppdrag. 

Gruppe med mennesker rundt et bord - Klikk for stort bileteDei tilsette hos innkjøp ser fram til samarbeid med Skatteetaten Ellen Taraldset

Denne viktige avtalen dekker både innkjøpsaspektet og byggherrens rolle, og legg vekt på dialog og kunnskapsdeling mellom kommunen og Skatteetaten.

I samsvar med avtalen skal Skatteetaten gi opplæring til kommunen om korleis dei kan nytte informasjon om skatte- og avgiftsforhold for å vurdere seriøsiteten til leverandørane. Dette kan inkludere krav om opplysningar både før kontraktsinngåing og kontinuerleg i kontraktsperioden.

Ser fram til samarbeid

Kariann Bigseth frå Ålesund kommune uttaler: “Vi ser fram til dette samarbeidet. Det vil styrke kompetansen i kommunen innan internkontroll og gi ein tryggleik i at vi gjer det vi kan for å unngå at useriøse leverandørar får avtalar med kommunen. Vi kan også be om bistand eller gi tips til Skatteetaten for gjennomføring av byggeplasskontrollar.”

Skatteetaten er positive til samarbeidet og meiner det vil motverke svart økonomi og arbeidslivskriminalitet. Skattekrimsjef Erik Nilsen i Skatteetaten seier: “I samarbeid med store innkjøparar som kommunane, kan vi bidra til at useriøse leverandørar ikkje får oppdrag. Derfor er slike avtalar eit viktig verktøy i kampen mot arbeidslivskriminalitet.”

Mann som smiler - Klikk for stort bileteSkattekrimsjef Erik Nilsen hos Skatteetaten Skatteetaten

Bakgrunn og fakta:

  • Offentlege innkjøp av varer og tenester utgjer over 700 milliardar kroner kvart år, og det offentlege har eit stort samfunnsansvar for å unngå useriøse aktørar.
  • Ein rapport frå NTAES (Nasjonalt tverretatleg analyse- og etterretningssenter) viser at kriminelle aktørar har levert tenester til offentlege innkjøp.
  • Avtalen gir kommunane høve til å sjølve innhente informasjon om skatte- og avgiftsforhold løypande for å sjekke leverandørane sine.
  • Tiltaket er i tråd med regjeringa si handlingsplan mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet.