Ålesund kommune går i pluss for 2023

Ålesund kommune sin ureviderte driftsrekneskap for 2023 har eit netto driftsresultat på 1,7 %, noko som svarar til om lag 109 millionar kroner. Etter fondsdisposisjonar har kommunen eit rekneskapsresultat på 24 millionar kroner.

Mann ser mot kamera og smiler.  - Klikk for stort bileteØkonomisjef Lars Fylling Ålesund kommune

- Netto driftsresultat for 2023 blei om lag 30 millionar kroner betre enn budsjettert, og 37 millionar kroner svakare enn i 2022. Forklaringa på det gode resultatet er i hovudsak at kommunen har hatt høgre inntekter enn budsjettert, i tillegg til at finansinntektene vart langt høgre enn budsjettert, seier økonomisjef Lars Fylling. 


Både frie inntekter, eigedomsskatt og finanspostar spelar inn

  • Dette er foreløpige og ureviderte tall, og det er noko usikkerheit knytta til resultatet. 
  • Frie inntekter og eigedomsskatt blei om lag 47 millionar kroner høgare enn budsjettert. 
  • Netto finanspostar blei om lag 133 millionar kronar betre enn budsjettert. Det er i hovudsak høgre utbytter enn budsjettert, samt god avkastning frå finansporteføljen og overskotslikviditet som har bidratt til det gode finansresultatet. 
  • Rentekostnadane blei om lag som budsjettert. 
  • Netto avkastning på finansielle omløpsmiddel blei positiv med 40 millionar kroner, medan ein hadde budsjettert med ei positiv avkastning på 20 millionar kroner. 
  • Resultatet blir avsett til kommunen sitt disposisjonsfond. 
  • Hausten 2023 innførte kommunedirektøren innkjøps- og tilsettingsstopp. Dette har óg vore ein medvirkande årsak.

Rekneskapen er prega av eingongseffektar knytt til kommunedelinga. Kommunen fekk eit øyremerkt tilskot til delingsarbeidet på 200 millionar kroner, som i stor grad har finansiert bruk av interne ressursar. Totalt sett er det i 2023 bokført om lag 125 millionar kroner til delingsarbeidet. Både Haram og Ålesund kommune vil ha vesentlege utgifter knytt til delingsarbeidet også i 2024.

Til tross for det positive resultatet for 2024 viser rekneskapen at kommunen har store ubalansar i drifta. Omstillingsbehovet er stort på tvers av alle kommunalområder, men størst på oppvekst og helse. Dette arbeidet blir prioritert i 2024, og kommunedirektøren har starta opp eit arbeid på det.
 

Portrettbilete Håkon Lykkebø Strand Ordfører - Klikk for stort bileteOrdfører Håkon Lykkebø Strand Jon Åge Giske Andersen

-    Eg er glad og letta over at nye Ålesund kommune ser ut til å sleppe å måtte dekkje inn tidlegare års meirforbruk. Dette gir oss moglegheitene til å starte opp med blanke ark, seier ordførar Håkon Lykkebø Strand. 
 

Skal opp til kommunestyret før sommaren 

Årsrekneskapen vert no overlevert til revisor, før den skal handsamast av kontrollutvalet og formannskapa seinare i vår. Kommunestyra vil få rekneskapen til handsaming på sine møter i juni.