Oppheving av reguleringsplanar

Ålesund kommunestyre vedtok 21. mars å starte ein prosess med oppheving av eldre, utdaterte reguleringsplanar. Kommunen ønsker å rydde i planregisteret og forenkle plangrunnlaget til eigedommane, forenkle plan- og byggesakshandsaminga og redusere behov for dispensasjonar gjennom å oppheve desse. 

Administrasjonen har vurdert dei eldste reguleringsplanane, og foreslår oppheving av 28 av desse. I løpet av året vil dei berørte grunneigarane og andre rettshavararar få brev der det er vist kva planområdet der eigdommen deira ligg er regulert til i desse gamle planane, og kva arealbruksformål kommunedelplanen viser. Dei vil får ein uttalefrist på 6 veker, og etter vurdering av innkomne merknader legg vi fram spørsmålet om oppheving til politisk handsaming.

Det er viktig å ha oppdaterte planar for å vareta formålet med plan- og bygningslova § 1-1 om m.a. berekraftig utvikling, medverknad og forutsigbarheit. Det vil gi betre informasjonsflyt, og på sikt frigjere ressursar. 

Når ein reguleringsplan blir oppheva utan å bli erstatta av nyare plan, er det overordna plan som blir gjeldande. I dei planområda der det ikkje foreligg nyare reguleringsplan blir kommunedelplan for Ålesund kommune, vedtatt 09.03.2017, gjeldande. 

I dei fleste tilfelle er deler av dei gamle planane delvis erstatta av nyare plan, og ein nyare plan gjeld over ein eldre. I deler av planområda som er erstatta av nyare plan vil opphevinga ikkje få nokon konsekvensar, og eigarane blir ikkje tilskrivne.

For dei aller fleste grunneigarar og rettshavarar vil ikkje opphevinga ha anna praktisk betydning enn ei litt enklare sakshandsaming ved søknadspliktige tiltak.          

Søknadspliktige tiltak i eit område med eldre reguleringsplan vil ofte møte krav om utarbeiding av ny reguleringsplan, på lik linje med område utan reguleringsplan. Mindre tiltak der det ikkje blir kravd ny plan, vil ofte utløyse dispensjonsbehandling frå den eldre planen. Derfor har dei gamle planane liten verdi.

Plan- og bygningslova

Der er krav i plan- og bygningslova §12-4 om at dersom ein reguleringsplan er 10 år eller eldre, må kommunen vurdere om planen er oppdatert før tiltak kan setjast i verk. 

Lova seier også at kommunen skal sikre at reguleringsplanar har eit forsvarleg kvalitetsnivå og fylgjer opp nye arealpolitiske føringar. 

Planar som ikkje tilfredsstiller dette bør opphevast. 

Planar som er foreslått oppheva

Planar som er foreslått oppheva
Plan nr. Tittel (eller enkel forklaring der tittel seier lite) Vedteken
98 Fjelltunområdet og østover, reg. 07.06.1949
98 A Friarealkorridor mellom Kløvadalen og Volsdalsbakken 24.03.1952
98 B Forskyvning av Kristoffer Randers veg 15.02.1968
98 E Veg mellom Kneiken og Roald Amundsens veg 19.06.1975
98 I Vedr. krysset mellom Volsdalsbakken og Kristoffer Randers veg  27.04.1995
102 Spjelkavik, reg.endring Nyland 11.04.1950
107 Nørveområdet, reg. 07.12.1950
107 C Kolvikbakken - Nørvegata, tomtedeling 07.03.1955
110 Johs. Årflotsgate mellom Skjervagaten og Steinvågveien 15.09.1952
116 Byfogd Rønnebergs veg, reg. av tomt til gamlehjem  02.07.1954
118 Aspegata, Nedre Strandgate, Statsråd Daae's gate og Moloveien, reg.plan for området A 21.10.1954
120 Fridtjof Nansens veg, reg.endring og bebyggelsesplan for vestre del  04.08.1955
124 Skarbøvika og vestre del av Aspøya, reg.plan m/best. 09.10.1956
124 J Sløyfing av Kvennanesgata 06.04.1972
136 Kløvadalen, endret reg. av adkomstveger til tomter øst for -  25.11.1958
144 Fridtjof Nansens veg, endret reg. av friareal til boligtomter øst for - 14.02.1961
146 Volsdalsbakken, østre del (Fjelltunområdet) 20.04.1961
146 A Sløyfing av kjøreveg samt reg. av gangveg mellom Kristoffer Randers veg og Volsdalsbakken 24.07.1969
152 Giskegata, endret reg. av en strekning av - 11.08.1961
153 Olav Tryggvasons plass og Ivar Aasens gate, reg. av gateforbindelse mellom - 11.08.1961
162 Kolvikbakken, utvidelse av reg. skoletomt 07.03.1963
171 Store-Nørve og Larsgården, reg.plan m/best. 16.06.1965
172 Åse, reg. for en del av Åse (nordvest for sjukehuset) 23.08.1965
174 Nørvesund, endret reg. av skoletomt 13.12.1965
175 Åsestranda, reg.plan for et område nord for E 69 11.08.1966
179 Ålesund - Spjelkavik, motorveg, parsell Nørvasund - Moa med tilstøtende områder 08.04.1967
180 Åse, reg.plan for et område nord for vestre del av sykehusområdet  06.07.1967
275 B Vedr. forskyvning av veg 25 22.01.1987

Har du fått brev?

Dersom du har merknad til eit framlegg om oppheving, sendast denne på e-post til: postmottak@alesund.kommune.no eller per brev til: Ålesund kommune, VS Plan, byggesak og geodata, postboks 1521, 6025 Ålesund innan seks veker etter utsendt brev.