Aktivitetstilbod for eldre i senior-/dagsenter

Gjennom sosiale, kulturelle og fysiske aktivitetar ønskjer vi å leggja til rette for ”den gode dagen”, og å bidra til auka tryggleik og meistringskjensle.

Kort fortalt

•    Senior-/dagsenter er eit ope tilbod til deg som bur heime
•    På dagsenteret kan du ta del i aktivitetar og få eit sosialt fellesskap
•    Dagsentera har ope på dagtid frå måndag til fredag
•    Du kan søkja om plass ved å kontakte tildelingskontoret eller heimetenesta der du bur
•    Vi har også eigne dagsenter for personar med demens

Senior-/dagsenter finn du her:

Ytre bydel: Klipra seniorsenter, Fjellgata 42, Ålesund

Indre bydel: Spjelkavik seniorsenter på Spjelkavik omsorgssenter, Olav Sundes vei 2 i Spjelkavik (Moa)

Dagplass på seniorsentera

Vi har også tilbod om dagplass for dei som bur heime, og som har behov for støtte eller eit meir tilrettelagt tilbod for å kome seg ut og treffe andre.

Kva inneber ein dagplass?

  • Transport til og frå senteret med drosje
  • Du et frukost og middag på senteret
  • Du får delta i dei ulike aktivitetane som skjer på senteret, som til dømes bingo, trim, quiz, songkafé, avislesing og gåturar. (sjå lenke til halvårsplan)

Kva kan du gjere på senior-/dagsentera?

Praktisk informasjon om tenesta

Mål med tenesta

Målet med dagsentertilboda er at brukarane skal oppleve

  • trivsel, meistring og fellesskap
  • miljøskifte og sosialt samvær
  • auka livskvalitet

Slik søkjar du plass på senior-/dagsenter

Du kan bruke digitalt skjema for søknad om omsorgstenester.
Søk om helse- /omsorgstenester

Heimetenesta eller tildelingskontoret kan òg hjelpe deg med å søkja.

Dagtilbod til personar med demens

Vi har også eigne dagtilbod for personar med demens.

Betaling

Sjå prisane for dagopphald

Ansvarleg for tenesta