Informasjon til utleigeaktørar

Ålesund kommune lyser årleg ut løyve til å drive utleige av elsparkesyklar som gjeld for komande sesong. Her kan du finne informasjon om utleige av elsparkesyklar i Ålesund.

I 2021 vedtok Stortinget ein lov om utleige av små elektriske køyretøy på offentleg grunn. Ålesund kommune har laga ei lokal forskrift til lova. Forskrifta inneber at utleigeaktørar for elsparkesyklar må ha løyve frå kommunen for utleige på all offentleg grunn. Kommunen kunngjer løyvet årleg. 

Det blir gitt løyve til 300 elsparkesyklar i sone 1 (Steinvågbrua - Fagerlia). Mengd elsparkesyklar i sone 1 fordelast likt på alle søkarar som fyller vilkåra for løyve, men likevel slik at kvar søkar maksimalt får det tal elsparkesyklar det er søkt om, sjå forskrifta § 5 bokstav c.

I resten av kommunen er det ikkje sett grense for mengd elsparkesyklar.

Generell informasjon

Vi gjer merksam på at nytt regelverk som blir innført av lovgivar må følgast uavhengig av kva vilkår som er nedfelt i løyvet.

Avgrensinga av sone 1 i Ålesund kommune er slik som bildet under viser. Sonene kan til eikvar tid justerast. Dette vil automatisk tilsendast operatørane ved hjelp av Policy API og oppdaterast på heimesidene til kommunen.

Sone 1 går frå Steinvågbrua til Fagerlia - Klikk for stort bileteKart over sone 1 for elsparkesyklar. Nivel.no

Utgangspunktet er at utleigar pliktar å rydde fortløpande, men der det er hensiktsmessig kan kommunen også ta kontakt med utleigar om behov for rydding av elsparkesyklar. Følgande tidsfristar gjeld frå det blir tatt kontakt til oppgåva skal vere starta på staden:

Elsparkesykkel
Frist for rydding Tidsrom
2 timar Måndag – laurdag  07.00 – 20.00 og søndag 10.00 – 20.00
4 timar Måndag – laurdag 20.00 – 07.00 og søndag 20.00 – 07.00

Desse fristane gjeld ikkje ved behov for inntauing etter vegtrafikklovas § 37 eller forskriftas § 10.

Kontroll av mengd syklar

For kontroll av antalsbegrensinga vil det nyttast sanntidsdata frå MDS Agency API. Data vert mottatt og lagrast slik at det er mogleg å sjå antal køyretøy i kvar sone i sanntid og tilbake i tid.

Plassering av køyretøy

Plassering av køyretøy er i samsvar med § 2 i forskrifta definert som «eikvar plassering, utplassering, flytting, omplassering eller rydding som utleigar, brukar av leigeordninga, eller representantar som opptrer på utleigar eller brukar sine vegne, utfører med utleigars elsparkesykkel.»

I sentrumssona skal denne plasseringa skje på p-plassar som er merka i kartet nedanfor.

Parkeringssoner for elsparkesykler i sentrum - Klikk for stort bileteKart over parkeringssoner for elsparkesykler i sentrum. Nivel.no

Der det ikkje er mogleg å plassere elsparkesykkelen på oppmerka plassar skal plassering skje på ein måte som tilfredsstiller alle krav i trafikklovgivinga og i tillegg følgande minimumskrav:

  • Minimum 2 meter fri fortausbreidde
  • Minimum 2,5 meter frå ledelinjer for blinde og svaksynte
  • Minimum 2,5 meter frå alle sidene til sykkelstativ på offentleg grunn
  • Sykkelstativ skal ikkje nyttast til plassering

Avstandskrava gjeld etter at all plassering er gjennomført.

Ved utkøyring av elsparkesyklar kan det plasserast køyretøy på maksimalt 50 % av oppmerka parkeringsplassar, men avgrensa til at det alltid skal vere ledig plass til minimum fire elsparkesyklar.

Informasjon til brukar

Utleigar plikter å informere sine brukarar om kva som er god og omsynsfull parkering og at dei i størst mogleg grad skal bruke plassar avsett til parkering der desse finnast. Retningslinjer, lovar og reglar må informerast ut til brukar. Dokumentasjon på korleis utleigar skal gjennomføre dette skal følgje søknaden.

Geofencesoner

Kommunen vil varsle om større endringar i geofencesoner og tilhørande reglar og utleigar har 24 timar på å rette seg etter dette. Endringar i soner og reglar blir sendt over til MDS Policy API.

Ålesund kommune har i samarbeid med Nivel AS fått utvikla ein eigen feilparkerings-app, som er tilgjengeleg i App Store og Google Play. I denne appen kan publikum enkelt og anonymt registrere ei feilparkering, som blir meldt vidare til riktig operatør og til kommunen. Innan 24 timar må utleigar handtere feilparkering som blir rapportert gjennom feilparkeringsappen.

Handheving av løyvet

Ålesund kommune har moglegheit til å fjerne og ta i forvaring køyretøy som er parkert eller plassert i strid med vilkåra i løyvet. Gebyret for brot på vilkåra er dei same satsane som gjeld ved brot av vegtrafikklova § 37. Det blir vist til Samferdselsdepartementet vedrørande størrelse på gebyr, rutine for betaling og utlevering av køyretøyet.

For å kontrollere at krava i løyvet blir halde, vil mellom anna historiske lokasjonsdata for kvart enkelt køyretøy bli brukt. Løyvet kan trekkast tilbake ved gjentatte eller grove brot, jf. forskrifta § 12.

Utleigars kostnadar

Det er gratis å søke om løyve til utleige av elsparkesyklar. Ålesund kommune dekker ikkje søkars kostnadar i samband med søknaden.

Utleigarane som får løyve skal betale gebyr for dekking av kommunens utgifter i samband med administrasjon og tilrettelegging for, samt utgifter til tilsyn og kontroll med utleigeverksemda i samsvar med sjølvkostprinsippet.

Utgiftene blir fordelt forholdsmessig mellom utleigarane etter mengd elsparkesyklar utleigaren får løyve til å leige ut. Ålesund kommune vil sende faktura så snart løyvet er tildelt. Vi gjer merksam på at utgifter kommunen har hatt i samband med fjerning og forvaring av elsparkesyklar ikkje inngår i utrekninga av gebyret.

Utleigar som avsluttar verksemda eller mistar løyvet

Dersom ein utleigar avsluttar si verksemd eller løyvet blir trekt tilbake, vil mengd syklar blir fordelt på resterande operatørar.

Vi ber utleigeaktørar sette seg inn i vilkåra for løyveordninga og forskrift om utleige av elsparkesyklar på offentleg grunn, Ålesund kommune, Møre og Romsdal, vedtatt i Ålesund kommunestyre 16.06.2022.

Sjå lokal forskrift om utleige av elsparkesyklar på offentleg grunn


For spørsmål ta kontakt med Ida.Morsund@alesund.kommune.no - verksemd for miljø og samferdsel, avdeling forvaltning, miljø og samferdsel.

Ansvarleg for tenesta