Skarbøvika

Utover hausten og vinteren 23/24 vil det vere graving, stengte vegar og omkøyring i Skarbøvika, men når prosjektet er ferdig har ein fått rydda opp i fleire problem og lagt til rette for billegare drift.

Gravinga betyr endra køyremønster og dei gåande blir vist til eigna passasje. Dette blir skilta. I tillegg blir det lavare fart, for å gjere vegen trygg både for bilistar, syklistar og gåande. 

kart - Klikk for stort bilete

Gravinga starta nede i krysset til Kaptein Lingesveg og går vestover opp mot Hellig Olavsgate 49.

Gamle rør som med åra har vorte nesten tette skal skiftast ut. I tillegg vert det lagt nye rør som skal ta unna regnvatnet som samlar seg frå Sukkertoppen og området elles slik at overvatnet kan renne ut sjøen utan at ein treng å bruke pumpestasjonen til å reinse reint vatn.

Når arbeidet er ferdig, har ein også fått på plass nye gateslukar og gjort ferdig fortauet opp til skolen. 

I nordre del mot Steinvågsbrua vert det etablert ny pumpestasjon i Tonningsgata. Denne blir kopla på nett med ny kommunal fiberkabel når grøftene i området likevel er opne, noko som også gir betre forhold for eksisterande målepunkt og pumpestasjonar

Med nye rør og eigne rør til regnvatnet er det lagt til rette for billegare drift av vatn og avløps-handteringa. Fiberkommunikasjon gir også auka stabilitet og mindre utrykkingar med bruk av overtid.

Kva bygger vi?

Nye rørleidningar, ny pumpestasjon og nye kommunale fiberkablar.

Planlagt ferdig:

Sommaren 2024 

Kven er ansvarleg?

Prosjektansvarleg: Utbygging, Statens vegvesen

Prosjektleiing: Einar Løkken/Robert Giskegjerde

vegsperring - Klikk for stort bilete
gravearbeid og gravemaskin - Klikk for stort bilete
gravearbeid og vegsperring - Klikk for stort bilete
vegsperring - Klikk for stort bilete