Borgundgavlen og Prinsen - reinare sjø

I 2024 startar prosjekt med å få skikk på avløpsvatnet i Borgundgavlen, Klokkersundet og Prinsen. Det betyr mellom anna betre kvalitet på badevatnet. 

veg - Klikk for stort bilete

Prosjektet strekker seg langs sjøen frå Skotteberget i Borgundgavlen til Prinsen i tillegg til at det skjer rørfornying oppover i busetnaden i området.

Ved Skotteberget i Borgundgavlen renn det i dag avløpsvatn til sjøen som berre har vore innom ein slamavskiljar. Dette utsleppet skal no fjernast og vatnet skal leiast austover mot reinseanlegget på Åse. Der vert vatnet betre reinsa enn det som renn ut ved Skotteberget i dag.

Slepp stengte vegar og graving i freda område

For å få avløpsvatnet til Åse reinseanlegg, skal det leggast ny pumpeleidning gjennom vegen i Borgundgavlen til Katevågen. Når vi legg denne leidninga, blir det teke i bruk "ny" teknologi, cracking, for å sleppe å grave i historisk verna grunn og graving i den vakre allèen med store tre. Med denne metoden blir nytt rør drege inn i det gamle røret samtidig med at det gamle blir kutta opp og pressa utover for å gi plass til eit rør med større dimensjon.  

Avløpfellesleidninga austover langs Nedre Klokkersundvegen mot Aalesund International School mot vert også oppgradert. Også her slepp ein graving og stenging av veg med bruk av "ny" teknologi. Røra vert fornya med strømperenovering. Ei tekstilstrømpe vert tredd inn i dei gamle røra og varma opp slik at den herdar til plast.

Ny pumpestasjon

I vika ved enden av Nedre Klokkersundveg skal det byggast pumpestasjon. Dermed får ein også rydda opp i overføringa frå Klokkersundområdet og austover mot reinseanlegget på Åse. Pumpestasjonen skal vere tilpassa omgivnadene og sjå ut nærast som eit naust. 

Frå den nye pumpestasjonen vert det lagt sjøleidning over vika og over mot Prinsen.

Ryddar opp i overvatn

Med oppgraderte rør og pumpestasjon opnar ein også opp for å rydde meir opp i overløpsvatnet i området . I busetnaden oppover frå Klokkersundet og Prinsen er det eit stort tilrenningsfelt med overvatn og her er det eit pågåande prosjekt med å få vekk framandvatnet med rørfornying og legging av adskilte leidningar, ei for overvatn og ei for avløpsvatn. I samband med dette arbeidet leitar ein også heile tida etter framandvatn. Får ein rydda opp i det, så blir det betre kvalitet på badevatnet på Prinsen.

Oppstart: 2024

naust og sjø - Klikk for stort bilete
kai og sjø - Klikk for stort bilete
veg med alle - Klikk for stort bilete
naust og sjø - Klikk for stort bilete