NORDARK - Forskningsprosjekt

Ålesund kommune deltek i eit forskingssamarbeid som kallast NORDARK. Prosjektet skal bidra til utvikling av belysning for gangstiar i grøntområde, slik at byens grøntområde kan bli tilgjengelege heile året.

Lerstadvannet - Klikk for stort bileteLerstadvatnet Seren Dincel

Lokalt deltek Ålesund kommune og NTNU.  Ålesund er også eit av to stader for fysiske forsøk og kartlegging. Det andre er i Uppsala i Sverige.

Lokal stad som nyttast i prosjektet er Lerstadvatnet. 

Hensikta bak dette forskingsprosjektet er å sjå på korleis kunstig lys påverkar dyr, natur og menneske. Med betre kunnskap på desse områda kan nordiske byar skapa ein lyssetting av grøn- og turområde som varetek naturen sine behov og samtidig sørger for ein god og trygg oppleving for turgåarar i vinterhalvåret.

Prosjektet er i si heilheit finansiert med eksterne midlar. 

I slutten av 2023 blei det gjennomført ei undersøking, der fleire deltakarar målte belysninga mens dei gjekk ein bestemt distanse på Lerstad. Ansvarlege for dette  er Georgios Tsiakiris, Maria Johansson og Johan Rahm frå Miljöpsykologi, institutionen för arkitektur och byggd miljö ved Lunds universitet i Sverige   

Vil du vite meir?

www.nordark.org

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete