Byrom Ringgata

Målet er at det skal vere estetisk vakre og gode fysiske rammer, mange moglegheiter for bruk og tilgjengeleg for alle. 

Kva bygger vi?

Det er eit stort behov for gode uteareal og møteplassar for barn og unge på øya.

I samband med oppgradering av dei kommunale blokkene vest på Aspøya, har vi sett ønsket om gode aktivitetsområde.

Slik ser vi for oss byrommet:

  • Eit område fungerer som møteplass. 
  • Eit anne område skal ha leik i fokus, som også vil inkludere ein multiballbane som kvalifiserer til å søke spelemidlar. 
  • Det tredje området er eit «skogsområde» som består av gangsti og vegetasjon. Vi håper å lage til eit utkikkspunkt med sittegruppe. 

Prosjektet er meint å fungere som ei vidareføring av den omfattande medverknadsstrategien som inngår i arbeidet med ein områdeplan for Aspøya. Arbeidet vil derfor vere eit konkret resultat av ønske og innspel som kjem fram gjennom medverknadsprosessar med innbyggarane i området.

Prosjektet er støtta av fylkeskommunen med «Byen som regional motor». 

Når skal prosjektet vere ferdig?

  • Prosjekt tittel: Byrom Ringgata
  • Byggestad: Steinvågen
  • Bruttoareal: -              
  • Planlagd oppstart: 2023
  • Kostnadsramme: 7 000 000 

Kven er ansvarleg?

  • Planlagde oppstart på byggeplass: Haust 2023
  • Planlagd ferdigstilling: 2023
  • Kven er ansvarleg: ÅKE og Miljø og samferdsel
  • Prosjektansvarleg hos ÅKE: Rebecka Flinck Nikolaisen
  • Prosjektansvarleg hos Miljø og samfersel: Malin Anna Ramnemo
  • Leverandør utstyr/arkitekt: Kompan AS