Kvifor treng vi ein planstrategi?

Ålesund kommune er ny frå 2020. Dette gir oss høve til å tenkje annleis, også i planprosessane våre.

Fellesnemnda har vedteke at vi skal bruke FN sine berekraftsmål i utarbeidinga av samfunnsdelen av kommuneplanen. Dette betyr at berekraftsmåla skal vere det berande elementet i alt vi gjer i Ålesund kommunen.

Vi kan difor samanlikne oss med andre kommunar/byar både nasjonalt og internasjonalt på ein anna måte enn det vi har gjort tidlegare. Perspektiva og referanserammene våre blir utvida, noko som bør gi oss nye innfallsportar til å finne dei gode løysingane for innbyggjarane våre. Eit slikt perspektiv bygg også opp under intensjonsavtalen sine mål om å løyse utfordringane våre gjennom nye arbeidsmetodar og verktøy.

For å lykkast med dette må vi vektleggje samarbeid med ulike partnarar. Gjennom tett samarbeid med akademia, andre forskningsinstitusjonar, privat næringsliv og frivilligheita, har vi gode føresetnadar for å lykkast med å løyse komplekse utfordringar som vi som kommune og region vil møte i framtida.

Vi treng gode plan- og styringssystem som inneheld samarbeidsløysingar og nettverk. Det betyr i praksis at vi må forenkle planprosessane og vektleggje dialog og smarte kapasitetsbyggande prosessar i møte med både innbyggjarane og samarbeidspartnarane.

Satsingsområde

Overordna mål i Ålesund kommune er livskvalitet for innbyggjarane, Berekraftig miljø og Konkurransekraft. Intensjonsavtalen sine målsettingar er at Ålesund kommune skal vere i stand til å møte dei store utfordringane i samfunnet.

Klima og stor variasjon i demografi og levekår, er døme på utfordringar kommunen må handtere. Med bakgrunn i dette skal Ålesund kommune prioritere miljøstrategi i samsvar med det grøne skiftet. Folkehelsestrategi i samsvar med dagens og framtida sine utfordringar om levekår.

Tenesteutviklings- og innovasjonsstrategi som møter framtida sine demografiske utfordringar, og å legge til rette for nyskaping i næringslivet. Desse måla støtter seg på FN sine berekraftsmål som vil bli tatt inn i samfunnsplanen.

Politisk behandling og framdriftsplan

Forslag til Planstrategi for Ålesund kommune 2020-2024 vedtatt i kommunestyret 13.02.2020 i sak nr. 10/20

Tabellen viser planlagt  prosess for planarbeidet. Prosessen var planlagt før Korona-viruset sette ut heile Noreg, dersom planane vert endra vil det bli lagt fram revidert framdriftsplan.

Planstrategi - plan- og prosessforløp
Planar og prosessar Plan Status Merknad
Planstrategi Kommunal planstrategi 2020-2024 Ferdig Høyringsperiode november-desember. Vedtak i kommunestyret sak nr. 10/20 i møte den 13.02.2020.
Planar Budsjett, økonomiplan med kommuneplanen sin handlingsplan Ferdig Høyringsperiode november-desember. Vedtak i kommunestyret 12.12.19. Sak nr. 016/19.
. Kommuneplanen sin samfunnsdel   I arbeid Gjennomføring 2020.
. Kommuneplanen sin arealdel   . Planlagt oppstart 2022.
. Heilskapleg ROS-analyse og beredskapsplanverk Ferdig Vedtatt i kommunestyret i møte 12.12.19, sak 056/19
Overordna adminstrativ beredskapsplan Ferdig Vedtatt i kommunestyret i møte 12.12.19, sak 057/19
Oppretting av beredskapsråd Ferdig Vedtatt i kommunestyret i møte 12.12.19, sak 058/19
. Alkoholpolitisk plan   I arbeid Gjennomføring 2020.
. Plan for idrettsanlegg og anlegg for friluftsliv I arbeid Gjennomføring 2020.
. Kulturminneplan I arbeid Planlagt oppstart 2020.
Strategiar Miljøstrategi i samsvar med det grøne skiftet       . Planlagt oppstart 2020.
. Folkehelsestrategi   . Planlagt oppstart 2020.
. Tenesteutviklings- og innovasjonsstrategi   . Planlagt oppstart 2020.
. Næringslivsstrategi inkludert strategi for berekraftig turisme . Planlagt oppstart 2020.
. Skuleeigarstrategi   . Planlagt oppstart 2020.
Interkommunale planar / regionale planar PAKT - Samordna klima, areal og transportplan Ferdig Vedtatt i kommunestyret i møte 19.05.2022, sak57/22
Andre planar og prosessar Handlingsplan mot diskriminering på grunn av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk . Skal verte prioritert tideleg i 4-års-perioden
. Klimareikneskap i samband med budsjett- og økonomiplan. . Planlagt oppstart 2020.

 

Planstrategi 2020-2024