Framande planteartar

Framande artar er artar som opptrer utanfor det naturlege utbreiingsområdet sitt, det vil seie utanfor det området arten kan spreie seg til naturleg utan hjelp av menneske. Artane har blitt introdusert til Noreg med menneskeleg hjelp og opptrer aggressivt. Mange introduserte artar utgjer ikkje ein fare, men nokre er uønska framandartar og blir rekna som ein av dei største truslane mot mangfaldet i naturen.

Dei fleste plantearter ein finn i hagar og andre grøntanlegg er framande artar - artar som ikkje finst naturleg på staden. Mange av desse spreier seg ikkje aggressivt, mens mange andre gjer det. Dette er eit stort problem for naturmangfaldet vårt. Framande arter kan for eksempel bli spreidde gjennom utplanting, dumping av hageavfall, flytting av jordmassar, rømming eller frøspreiing frå område der dei allereie har etablert seg.

Framande artar skaper problem fordi dei kan fortrenge våre eigne plantar og dyr, såkalla stadbunden natur. Dette fører til ein fattigare naturmangfald. For å ta vare på mangfaldet er det viktig å hindre at fleire framande artar etablerer og spreier seg, og å redusere førekomstane.

Fagområdet om framande artar endrar seg jamnleg. Naturen og vitenskapen er dynamisk, og oppførselen til introduserte artar ser også ut til å endre seg. Ein art som ikkje var registrert som aggressiv før, kan i neste revisjon ha status som svært høg risiko for biologisk mangfald. Derfor er det viktig å halde seg jamnleg oppdatert på nettstaden www.artsdatabanken.no.

Forbudte plantearter

For oversikt over plantar som er forbode, sjå:

Unngå spreiing av fremande artar frå hagen din (Miljødirektoratet)

Hagerømlinger (Det norske hageselskap)

Hageavfall

Det er ikkje lov å kaste hageavfall utanfor eigen eigedom utan løyve frå grunneigar. For kommunale eigedommar er ikkje dette tillate nokon stad. Dette gjeld også plenavklipp. Hageavfall er søppel som skjemmer friområda, er yngleplass for sniglar, fører til dårleg lukt, det tilset næring i naturen som stadeigne artar mistrivst i, spreier artane inn i naturen, og spreier sjukdom.

Hageavfall skal enten handterast i kompostbinge på eigen eigedom, eller leverast til Bingsa på avfallsmottak etter eigne retningsliner. Uønska framandartar leverer du som brennbart avfall på miljøstasjonen. For større mengder og levering av jordmassar  må det gjerast avtale med Bingsa for rettleiing. Sjå opningstider for miljøstasjonane i Ålesund.

Etter § 6 i Naturmangfaldlova har alle ei generell plikt til å opptre aktsamt og unngå skade på naturmangfaldet. Vi ønsker også å ta vare på stedeigen natur, nærområda til innbyggarane, og tur- og leikeforholda. Hageavfall og anna avfall i naturen fortrenger friområda, og vi taper natur og areal som alle har allemannsrett til.

Kva kan du gjere?

Dette kan du gjere for å hindre innførsel og spreiing:

  • Gjer deg kjent med kva artar som er framande nasjonalt ved å søke i Fremmedartslista.(https://www.artsdatabanken.no/fremmedartslista2018). Ålesund kommune har laga ei liste over dei mest aggressive artane lokalt:
  • Om du har framande artar i din hage må du passe på at desse ikkje spreier seg frå eigedomen din. Om dette ikkje er mogleg bør du vurdere å erstatte planten med ein annan.
  • Spreiing frå privat eigedom er ditt ansvar. Om du har ein art som spreier seg med røter så kan denne for eksempel plantast i eit kar som gjer at spreiing ikkje er mogleg. Artar med frøspreiing er vanskeleg å kontrollere og bør bli vurdert erstatta.
  • Ikkje kjøp framande artar til hagen din frå hagesenter, og ikkje overfør slike artar frå ein annan plass og inn i eigen hage. Sjølv om nokre av dei er fine, og sjølv om du ikkje ser at dei utgjer eit stort problem lokalt, så er dei eit problem ein annan plass og kan fort bli eit problem nær deg. På hagesentera er dei forplikta til å informere om ein art er ein framandart. Dei skal også kunne foreslå alternativ. Sjå denne linken for kva plantar som er anbefalt som erstatning for framande artar: Bli kvitt bøllefrø og pøbelplanter
  • Ikkje ta med plantar frå utlandet. Det er i hovudsak forbode. Desse kan opptre aggressivt i vår natur og mangle naturlege fiendar. Innførsel kan spreie både plantearten, og jordorgansimar og sjukdommar som følger jord og plante. Du kan lese meir om regelverket på www.mattilsynet.no.
  • Har du god kjenskap til plantar og ønsker å bidra? Om du finn framande artar i naturen kan du registrere desse i www.artsobservasjoner.no.
  • Har du problem med ein framandart er det mykje god informasjon på internett. For nedkjemping av slirekneartar og klasespirea kan du sjå her: Metodar i kampen mot Parkslirekne. (PDF, 79 kB)

Kva gjer kommunen?

Vi jobbar kontinuerleg med nedkjemping. Vi kartlegg, utfører direkte tiltak mot prioriterte artar og bestandar, og informerer utad. Ansvaret vårt er i offentlege friområde, langs kommunale vegar, utomhusanlegg ved institusjonar, vassdrag og drikkevasskjelder.

Ved graving på våre eigedommar krevst det at tiltakshaver analyserer det aktuelle området for framande artar og planlegg tiltak for å forhindre spreiing. Denne "analyse- og tiltaksplanen" skal leverast  saman med gravesøknaden for godkjenning. Det er anbefalt at fagkyndige utfører analysen og anbefaler tiltak. Fagkyndige kan vere naturforvaltar, biolog eller liknande.

Vi samarbeider med Bingsa, Attvin, Statens vegvesen, Statsforvaltaren og andre i kampen mot framande artar. Det er viktig at alle bidreg og førebygger ytterlegare spreiing.  

I Ålesund er det registrert få eller ingen kjempespringfrø, kanadagullris, kjempebjørnekjeks / tromsøpalme. Dette er artar som utgjer store problem i andre delar av landet. Lokalt prioriterer vi parkslirekne, klasespirea, platanlønn og fagerfredløs, sidan desse artane spreier seg aggressivt.

På vinterhalvåret er det fokus på kamp mot busker og tre. Platanlønn, framande furuartar (buskfuru, alpefuru, vrifuru), ler og edelgran blir anten hogd eller ringbarka. Mispelarter og andre framandartar blir gravd opp eller ringbarka. Kvart område vi tar for oss blir gjennomsøkt for aktuelle framande artar på staden, og i det prioriterte området blir alle truslar for naturen fjerna.

Sjølv om eit tre er ein framandart og spreier seg aggressivt, lar vi likevel vere å felle enkeltindivid med høg estetisk verdi, naturverdi, kulturverdi, eller tre som er viktige landskapselement eller vegelement. Når desse naturleg døyr ut eller må fjernast av andre grunnar, blir dei så godt som råd erstatta av artar som ikkje er ein trussel for biologisk mangfald.

Frivillige, engasjerte lag og organisasjonar kan om ønskeleg melde si interesse for å vere med i kampen mot framande artar og få ein avtale med oss rundt dette. 

Meir informasjon