Viktig informasjon om korona

Ålesund kommune følger nasjonale råd og reglar. Det er gult nivå på skolar og barnehagar til og med fredag 17. september.

Koronatest | Vaksine | Smittetal | Alt om korona | Information about corona in other languages

Framande, uønska planteartar

Framande planteartar

Ein framand art er ein organisme som ikkje finst naturleg på staden. Artane har blitt introdusert til Noreg med menneskeleg hjelp og opptrer aggressivt. Mange introduserte artar utgjer ikkje ein fare, men "framandartane" blir rekna som ein av dei største truslane mot mangfaldet i naturen.

Dei fleste plantearter ein finn i hagar og andre grøntanlegg er framande artar - artar som ikkje finst naturleg på staden. Mange av desse spreier seg ikkje aggressivt, mens mange andre gjer det. Dette er eit stort problem for naturmangfaldet vårt. Framande arter kan for eksempel bli spreidde gjennom utsetting, dumping av hageavfall, flytting av jordmassar, rømming eller frøspreiing frå område der dei allereie har etablert seg.

Framande artar skaper problem fordi dei kan fortrenge våre eigne plantar og dyr, såkalla stadbunden natur. Dette fører til ein fattigare natur. For å ta vare på naturmangfaldet er det viktig å hindre at fleire framande artar etablerer og spreier seg, og å redusere førekomst.

Fagområdet om framande artar endrar seg jamnleg. Naturen er dynamisk, og oppførselen til introduserte artar ser også ut til å endre seg. Ein art som ikkje var registrert som aggressiv før, kan i neste revisjon ha status som svært høg risiko for biologisk mangfald. Derfor er det viktig å halde seg jamnleg oppdatert på nettstaden www.artsdatabanken.no.

 

"Svartelista" heiter no "Fremmedartslista" 

Siste revidering vart utført i 2018. Då blei den kjende "svartelista" omdøypt til "fremmedartslista". Ein del artar endra då status når det gjeld risikograd for mangfaldet, i både positiv og negativ retning. Framandartslista er ein rettleiar for kva artar som er ein trussel for mangfaldet i naturen, men lokalt kan det vere andre hensyn ein bør ta. Følg med på kommunen si nettside når det gjeld kva krav som blir sett til dei som ønsker å utføre tiltak på vår eigedom, og kva artar som er særs aggressive i vår kommune.

I 2016 kom ei forskrift som heiter "Forskrift om framande organismar", og fleire plantartar blei forbodne å produsere, selje og plante ut. Å ta forbodne planteartar fra ein plass til ein annan er også ulovleg. Det er også forbode å flytte på jordmassar med framande artar slik at desse spreier seg. Endå fleire planteartar vil bli forbodne i 2021. Årsaka til oppdelinga er at grøntnæringa skal få tid på seg til å omstille næringa si til dei nye reglane.

Forskrifta om framande organismar gjeld alle, men det er ikkje forbode å ha eksisterande forbodne artar i eigen hage. Ein har likevel eit ansvar for at utsette levande organismar ikkje spreier seg ut av hagen. Vi oppmodar alle om å ta ei vurdering på artane i eigen hage, og tenke over om ein sjølv klarer å kontrollere evna denne arten har til å spreie seg.

Nytt regelverk skal bidra til å redusere spreiinga av framande artar i Noreg. Sjekk kva plantar det no er forbode å sette ut: https://www.hageselskapet.no/hagestoff/forbudte-planter/.

 

Hageavfall

Det er ikkje lov å kaste hageavfall utanfor eigen eigedom utan løyve frå grunneigar. For kommunale eigedommar er ikkje dette tillate nokon stad. Hageavfall er søppel som skjemmer friområda, er yngleplass for sniglar, fører til dårleg lukt, det tilset næring i naturen som stadeigne artar mistrivst i, spreier artane inn i naturen, og spreier sjukdom.

Hageavfall skal enten handterast i kompostbinge på eigen eigedom, eller leverast til Bingsa på avfallsmottak etter eigne retningsliner. Dette gjeld også plenavklipp. Sjå opningstider for Bingsa Miljøstasjon her: https://arim.no/milj%C3%B8stasjonar/bemanna/bingsa-i-%C3%A5lesund

På hageavfallsmottaket på Bingsa står det ein konteinar for framande artar. Framande artar skal leverast i lukka pose i konteinaren for forbrenning. For levering av jordmassar med framande artar må det gjerast avtale med Bingsa for rettleiing.

Etter § 6 i Naturmangfaldlova har alle ei generell plikt til å opptre aktsamt og unngå skade på naturmangfaldet. Vi ønsker også å ta vare på stedeigen natur, nærområda til innbyggarane, og tur- og leikeforholda. Hageavfall og anna avfall i naturen fortrenger friområda, og vi taper natur og areal som alle har allemannsrett til.

 

Kva kan du gjere?

Dette kan du gjere for å hindre innførsel og spreiing:

  • Gjer deg kjent med kva artar som er framande nasjonalt ved å søke i Fremmedartslista.(https://www.artsdatabanken.no/fremmedartslista2018). Ålesund kommune har laga ei liste over dei mest aggressive artane lokalt:
  • Om du har framande artar i din hage må du passe på at desse ikkje spreier seg frå eigedomen din. Om dette ikkje er mogleg bør du vurdere å erstatte planten med ein annan.
  • Spreiing frå privat eigedom er ditt ansvar. Om du har ein art som spreier seg med røter så kan denne for eksempel plantast i eit kar som gjer at spreiing ikkje er mogleg. Artar med frøspreiing er vanskeleg å kontrollere og bør bli vurdert erstatta.
  • Ikkje kjøp framande artar til hagen din frå hagesenter, og ikkje overfør slike artar frå ein annan plass og inn i eigen hage. Sjølv om nokre av dei er fine, og sjølv om du ikkje ser at dei utgjer eit stort problem lokalt, så er dei eit problem ein annan plass og kan fort bli eit problem nær deg. På hagesentera er dei forplikta til å informere om ein art er ein framandart. Dei skal også kunne foreslå alternativ. Sjå denne linken for kva plantar som er anbefalt som erstatning for framande artar: https://naturvernforbundet.no/naturvern/vern_av_arter/bli-kvitt-bollefro-og-pobelplanter-article33534-152.html
  • Ikkje ta med plantar frå utlandet. Det er i hovudsak forbode. Desse kan opptre aggressivt i vår natur og mangle naturlege fiendar. Innførsel kan spreie både plantearten, og jordorgansimar og sjukdommar som følger jord og plante. Du kan lese meir om regelverket på www.mattilsynet.no.
  • Har du god kjenskap til plantar og ønsker å bidra? Om du finn framande artar i naturen kan du registrere desse i www.artsobservasjoner.no.
  • Har du problem med ein framandart er det mykje god informasjon på internett. For nedkjemping av slirekneartar og klasespirea kan du sjå her: Metodar i kampen mot Parkslirekne. (PDF, 79 kB)

 

Kva gjer kommunen?

Vi jobbar kontinuerleg med nedkjemping. Vi kartlegg, utfører direkte tiltak mot prioriterte artar og bestandar, og informerer utad. Ansvaret vårt er i offentlege friområde, langs kommunale vegar, utomhusanlegg ved institusjonar, vassdrag og drikkevasskjelder.

Ved graving på våre eigedommar krevst det at tiltakshaver analyserer det aktuelle området for framande artar og planlegg tiltak for å forhindre spreiing. Denne "analyse- og tiltaksplanen" skal leverast  saman med gravesøknaden for godkjenning. Det er anbefalt at fagkyndige utfører analysen og anbefaler tiltak. Fagkyndige kan vere naturforvaltar, biolog eller liknande.

Vi samarbeider med Bingsa, ÅRIM, Statens vegvesen, Statsforvaltaren og andre i kampen mot framande artar. Det er viktig at alle bidreg og førebygger ytterlegare spreiing.  

I Ålesund er det registrert få eller ingen kjempespringfrø, kanadagullris, kjempebjørnekjeks / tromsøpalme. Dette er artar som utgjer store problem i andre delar av landet. Lokalt prioriterer vi parkslirekne, klasespirea, platanlønn og fagerfredløs, sidan desse artane spreier seg aggressivt.

På vinterhalvåret er det fokus på kamp mot busker og tre. Platanlønn, framande furuartar (buskfuru, alpefuru, vrifuru), ler og edelgran blir anten hogd eller ringbarka. Mispelarter og andre framandartar blir gravd opp eller ringbarka. Kvart område vi tar for oss blir gjennomsøkt for aktuelle framande artar på staden, og i det prioriterte området blir alle truslar for naturen fjerna.
 
Sjølv om eit tre er ein framandart og spreier seg aggressivt, lar vi likevel vere å felle enkeltindivid med høg estetisk verdi, naturverdi, kulturverdi, eller tre som er viktige landskapselement eller vegelement. Når desse naturleg døyr ut eller må fjernast av andre grunnar, blir dei så godt som råd erstatta av artar som ikkje er ein trussel for biologisk mangfald.

Frivillige, engasjerte lag og organisasjonar kan om ønskeleg melde si interesse for å vere med i kampen mot framande artar og få ein avtale med oss rundt dette. 

Meir informasjon

Til toppen