Radon

Alle bygningar der folk skal opphalde seg, bør ha så låge radonverdiar som mogleg. 

Kva er radon?

Radon er ein radioaktiv gass som blir danna i berggrunnen. Den kan sive inn i hus der det er sprekker og utett mot grunnen. Når vi pustar inn luft som inneheld radon, avgir den stråling til lungene, noko som over tid kan føre til lungekreft.

Noreg er mellom dei landa i verda som har dei høgaste konsentrasjonane av radon i innelufta. Dette skuldast både geologiske forhold, klimaet vårt og måten vi bygger husa våre på.

Det finst radon i berggrunnen dei fleste stadar i Noreg, men mengda varierer frå stad til stad, og frå hus til hus. For å finne ut om du har radon i huset, må du måle. Kjellar og første etasje er mest utsett sidan gassen kjem frå grunnen. Radonnivået er til vanleg høgare om vinteren enn om sommaren.

Det finst også radon i vatn. Hushaldningsvatn frå borebrønnar i fast fjell kan innehalde høge konsentrasjonar, og når du dusjar, brukar oppvaskmaskin og liknande vil radon frigjerast til innelufta.

Tilkøyrde massar, som pukk og grus, i byggegrunnen kan medverke til problem med radon, sjølv om du bur i eit område som ellers er lite utsett. Også byggemateriale av stein kan bidra til radon i innelufta, men i Noreg er dette ei mindre vanleg årsak.

Set du opp eit nybygg som er tenkt for varig opphold, skal det ha radonførebyggande tiltak, ifølge byggeregelverket (byggteknisk forskrift).

Leiger du ut bustad, har du ansvar for at radonnivået i utleigebustaden er under forskriftsfesta grenser.

Statens strålevern tilrår at alle bygningar bør ha så låge radonnivå som mogleg. Måler du ein årsmiddelverdi over 100 becquerel per kubikkmeter luft (Bq/m3) i bustaden, bør du gjere tiltak. Tilrådd grenseverdi for øyeblikksmålingar er 200 Bq/m3

Helserisiko

Radon i inneluft aukar risikoen for lungekreft. Risikoauken er blir bestemt av kor lang tid du blir utsett for radon og av kor høgt radonnivået er. Statens strålevern trur at radon i bustadar fører rundt 300 lungekreftdødsfall i året.

Størst er risikoen for dei som aktivt røyker eller har røykt. Risikoen ved radoneksponering er nemlig rundt 25 gonger større for dei som røyker enn for personar som aldri har røykt.

Dersom nivåa er for høge kan du redusere risikoen ved å gjennomføre radonredusarende tiltak. Ved å halvere radonnivået, blir også risikoen for å utvikle lungekreft forårsaket av radon halvert.

Radon gir frå seg stråling. Denne strålinga (alfastråling) blir lett stoppa i luft og trenger for eksempel ikkje gjennom hudoverflata. Lunger og luftvegar er derimot utsett. Når du pustar inn luft som inneheld radon, vil strålinga kunne gi skader på cellene der. Dette aukar risikoen for å utvikle lungekreft seinare i livet.

Statens strålevern om helserisiko frå radon.

Kva er tilrådinga?

Statens strålevern tilrår at alle bygningar som skal vere til opphald for folk, bør ha så låge radonnivå som mogleg og under anbefalte grenseverdiar.  

For skolar, barnehagar og utleigebustader er grenseverdiane fastsett i strålevernforskrifta (§ 6). 

Alle skolar og barnehagar i Ålesund skal ha målt radon og gjennomført nødvendige mottiltak. Ta kontakt med rektor eller styrar for å få vite status.

Slik måler du radon

For å finne ut om radonnivået i huset ditt er for høgt, må du måle. Statens strålevern anbefaler alle å måle radon i heimen sin. Det er både enkelt og rimeleg.

Målinga skal skje i vinterhalvåret, mellom midten av oktober og midten av april, og over ein tidsperiode på minst to månader.

Du kan enten måle med sporfilm eller med eit elektronisk måleapparat. Framgangsmåten er uansett den same.

I bustadblokker kan det vere nok å måle i dei to nedste etasjane over bakken, sidan radonnivået normalt er lågt i høgare etasjar.

Statens strålevern om måling av radon.

Tiltak mot radon

Det finst gode og effektive tiltak mot radon. Tetting, ventilasjon og trykkendring av grunnen (radonsug/-brønn) er dei tre hovudkategoriane.

Kva type tiltak, eller kombinasjon av tiltak, som høver best, må vurderast i det enkelte tilfellet. Statens strålevern tilrår at ein først får greidd ut årsaka til radonproblemet og deretter vel tiltak som er tilpassa det enkelte bygget. Ofte treng ein profesjonell hjelp til dette. Det finst ei rekke firma som tilbyr slik hjelp.

Statens strålevern om tiltak mot radon i inneluft.

Ansvarleg for tenesta