Fossil oljefyring

Det er ikkje tillat å bruke fossil olje eller parafin til oppvarming av bygninger.

Fossil oljefyring vart forbode i 2020. 

Forskrift om forbod mot bruk av mineralolje til oppvarming av bygg vart fastsett av Klima- og miljødepartementet og Olje- og energidepartementet 28.  juni 2018. Sjølve forbodet gjeld frå 01.01. 2020.

Frå 01.01.2022 er det i tillegg forbod mot bruk av fossil olje. Dette gjeld også til oppvarming og tørking av bygg og byggdelar (byggvarmarar).

Både eigar og brukar av fyringsanlegg er ansvarlege for å halde forbodet.

Unntak

Det er fortsatt lov å bruke fossil fyringsolje i fritidsbustader, hytter og fyrstasjonar utanfor straumnettet og i industribygningar. Driftsbygningar i landbruket og sjukehus får nokre ekstra år, til 2025, på å gjennomføre tiltaka.

For å få unntak, må eigar eller brukar av fyringsanlegget søke kommunen. Kommunen kan gjere unntak frå forbodet, dersom det er særlege grunnar til det. Det er kommunen som skal vurdere om kravet til særlege grunnar er oppfylt.

Kommunen har ikkje plikt til å gi unntak, og kommunen kan sette vilkår for unntaket.

Meldeplikt til kommunen

Er du ansvarleg for ein nedgravd oljetank, skal gi du skriftleg melding om tanken til kommunen. Blir ein nedgravd oljetank tatt ut av bruk, skal den ansvarlege gi skriftleg melding om dette til kommunen.

 Her melder du frå (kontroll, tømming, fjerning og dispensasjon)

Tilsynsstyresmakt

Noregs vassdrags- og energidirektorat fører tilsyn med det som går på forsyningstryggleiken.  Kommunen fører tilsyn med dei andre reglane som er omtalt i forskrifta.

Rådgiving  og eventuell økonomisk stønad

Fram til forbodet kom, hadde ENOVA ei stønadsordning til dei som skulle bytte ut oljefyren med alternative varmekjelder. Sjå Enova sine tips til alternative varmekjelder.