Fossil oljefyring

Det er ikkje tillat å bruke fossil olje eller parafin til oppvarming av bygninger.

Denne artikkelen er over 1 år gammal og kan innehalde utdatert informasjon.

Fossil oljefyring er forbode frå 2020. Forskrift om forbod mot bruk av mineralolje til oppvarming av bygg vart fastsett av Klima- og miljødepartementet og Olje- og energidepartementet 28.  juni 2018. Sjølve forbodet gjeld frå 01.01. 2020.

Frå 01.01.2022 er det forbod mot bruk av fossil olje. Dette gjeld også til oppvarming og tørking av bygg og byggdelar (byggvarmarar).

Ansvar

Forskrifta slår fast at både eigar og brukar av fyringsanlegg er ansvarlege for å halde forbodet mot bruk av mineralolje til oppvarming av bygningar.

Tilsynsstyresmakt

Noregs vassdrags- og energidirektorat fører tilsyn med det som går på forsyningstryggleiken.  Kommunen fører tilsyn med dei andre reglane som er omtalt i forskrifta.

Unntak

I fritidsbustader, hytter og fyrstasjonar utanfor straumnettet, vil det framleis vere tillat å bruke fossil fyringsolje og parafin. Det same gjeld for industribygningar. Driftsbygningar i landbruket og sjukehus får nokre ekstra år, til 2025, på å gjennomføre tiltaka.

Kommunen kan i enkelte høve gjere unntak frå forbodet, dersom særlege grunnar finst.

Eigar, eller bruker av fyringsanlegget, må søke til kommunen om unntak. Det er kommunen som skal vurdere om kravet til særlege grunnar er oppfylt.

Kommunen har likevel inga plikt til å gi unntak, og kommunen kan sette vilkår for unntaket.

Rådgiving  og eventuell økonomisk stønad

Fram til forbudet tredde i kraft hadde ENOVA ei stønadsordning til dei som skulle bytte ut oljefyren med alternative varmekjelder. Sjå Enova sine tips til alternative varmekjelder.

Meldeplikt til kommunen

Den som er ansvarleg for ein nedgravd oljetank, skal gi skriftleg melding om tanken til kommunen. Blir ein nedgravd oljetank tatt ut av bruk, skal den ansvarlege gi skriftleg melding om dette til kommunen.

 Meld fra om nedgravd oljetank (kontroll, tømming, fjerning og dispensasjon)