Einslege mindreårige flyktningar

Einslege mindreårige er barn og unge som kjem åleine til Norge. Dei blir busette i bufellesskap med døgnbemanning og får dagleg oppfølging.

Ålesund kommune har for tida eitt bufellesskap for einslege mindreårige flyktningar. Bufellesskapet Avdeling for einslege mindreårige flyktningar utgjer ei av tre avdelingar i Verksemd Integrering. 

 

Avdelinga rommar inntil 9 ungdommar, hovudsakleg i aldersgruppa 15-18 år. Dei faste tilsette miljøterapeutene i bufellesskapet går i medleverturnus. Avdelinga har eigen dagleg leiar. 

 

I tillegg til dagleg omsorg, oppfølging og fokus på det å fungere best mogleg i det norske samfunnet, er det eit sentralt mål at ungdommane skal få fullført grunnskole, vidaregåande skole eller anna yrkeskvalifiserande opplæring.

 

Kontaktinformasjon

  • Telefon, avdeling: 408 09 207
  • Telefon, avdelingsleiar: 997 48 979
  • Epost, avdelingsleiar: trond.p.gisnas@alesund.kommune.no