Einslege mindreårige flyktningar

Einslege mindreårige er barn og unge som kjem åleine til Norge. Dei blir busette i bufellesskap med døgnbemanning og får dagleg oppfølging.

Ålesund kommune har for tida to bemanna bufellesskap for einslege mindreårige flyktningar.

Når ungdommane blir eldre og meir sjølvstendige kan dei flytte til tilsynsbustader som ligg i nærleiken til dei bemanna bustadene. Det er eit mål at ungdommane skal fullføre grunnskole, vidaregåande skole eller anna yrkeskvalifiserande opplæring.