Byte kommune som flyktning

Det er den første busettingskommunen som har ansvar for tilbod og rettleiing om bustad, introduksjonsprogram, helse, økonomi, skole, barnehage og andre tilbod.

Ålesund kommune blir kontakta av mange flyktningar som ønsker å flytte hit frå ein annan kommune innanfor dei første fem åra etter første busetting. Dette blir kalla sekundærbusetting.
 
Ålesund kommune fører ein streng politikk rundt sekundærbusetting, og vil i dei aller fleste tilfella avvise ei slik busetting.  
 
Kommunen kan vurdere å akseptere flytting frå andre kommunar dersom vedkomande har ei sterk tilknyting til kommunen. Eksempel på dette kan vere om nær familie bur i Ålesund. Nær familie betyr kjernefamilie som ektefelle, registrert partner og felles barn.