Byutvikling på sørsida i Ålesund sentrum

Ålesund er den største byen mellom Bergen og Trondheim, og det sterkaste vekstområdet i regionen. For å kunne oppretthalde og styrke denne posisjonen i framtida må Ålesund tilrettelegge for framtidige utfordringar og ny utvikling. I den samanheng er sørsida av Ålesund sentrum eit svært viktig område med stort potensiale.

Illustrasjon Sørsida

 

 

Områdereguleringa av sørsida i Ålesund sentrum vart endeleg godkjent av Ålesund bystyre 5.3.2015. Den legg til rette for vidareutvikling av området Sørsida, med ca. 130.000 m2 ny bebyggelse.

Innanfor planområdet blir det lagt opp til fleire nye funksjonar som bustad, forretning, service, kulturaktivitetar og skule. Områdereguleringa omfattar også betydelege infrastrukturtiltak, mellom anna gjennom etablering av «Kulturhavna» og «Rådhushavna» og nye vannrom med auka kontakt mellom byen og sjøen.

Planen muleggjer viktige byplanmessige grep. Dei overordna målsettingane for planen er mellom anna å sikre ei berekraftig utvikling med fokus på høg kvalitet, auka kontakt med sjøen, Ålesunds historiske identitet og alternative transportløysingar.

Dokument

Kontakt

For å realisere utviklingsplanane for sørsida, vedtok Ålesund bystyre i sak 74/19 å etablere Sørsida Utvikling AS i 20.6.2019. 

Dagleg leiar Kirsti Lovise Slotsvik

Artikkelliste