Politisk styring

Kommunestyret er øvste politiske organ i Ålesund kommune. 

Organisasjonskart som viser dei politiske råd og utvala.  - Klikk for stort bilete

Dei folkevalde politikarane gjer vedtak som administrasjonen utfører. Kommunestyret er valt for fire år, og har i denne perioden 77 representantar.

Partifordeling og gruppeleiarar i Ålesund kommunestyre

Partifordeling og gruppeleiarar i Ålesund kommunestyre
Parti Tal Gruppeleiar Mobil E-post
Arbeiderpartiet 16 Geir Ove Leite 99701651 geir.ove.leite@alesund.kommune.no
Høyre 14 Monica Molvær 97501202 monica.molvaer@alesund.kommune.no
Fremskrittspartiet 13 Thorbjørn Fylling 92822655 thorbjorn.fylling@alesund.kommune.no
Senterpartiet 10 Lisa Alvestad 95229926 lisa.alvestad@alesund.kommune.no
Ålesundslista 6 Hans Kjetil Knudsen 91557310 hans.kjetil.knutsen@alesund.kommune.no
Kristelig Folkeparti 5 Tore Johan Øvstebø 48065647 tore.johan.ovstebo@alesund.kommune.no
Miljøpartiet De Grønne 4 Jarle Hauge Steffensen 47031224 jarle.h.steffenssen@alesund.kommune.no
SV-Sosialistisk Venstreparti 2 Anders Lindbeck 41108873 anders.lindbeck@alesund.kommune.no
Pensjonistpartiet 2 Eldar Andreas Eilertsen 90063220 eldar.andreas.eilertsen@alesund.kommune.no
Venstre 2 Hans Endre Sæterøy 90698888 hans.endre.saeteroy@alesund.kommune.no
Rødt 1 Malena Strømmen Malakzadeh 91148408 malena.strommen.malakzadeh@alesund.kommune.no
Partiet De Kristne 1 Ole G. Steen 92608716 ole.gerhard.steen@alesund.kommune.no
Uavhengig 1 Preben Dimmen 47658965 Preben.Dimmen@alesund.kommune.no

Alle politikarane i kommunestyret er medlemmer i ein komité. Komitéane kan ikkje gjere endelege vedtak, men behandlar saker på sitt saksfelt og innstiller til vedtak i kommunestyret.

Ålesund blir også styrt gjennom formannskap, planutval, kommunedelsutval og ulike råd. Dessutan er kommunen representert i  interkommunale selskap, kommunale føretak og selskap med ulik organisasjons- og styringsstruktur.

Her finn du møteplan og andre opplysningar om dei ulike politiske organa Ved å klikke på for eksempel kommunestyret, får du opp medlemmane og kontaktopplysningane deira. Og klikkar du på møtedato, får du opp saksdokumenta til det aktuelle organet. Innkalling og saksdokument blir lagt ut om lag ei veke før møtet skal vere.

Møteplan

Formannskapet vedtok 1.11.22 møtekalender for 2023 (PDF, 586 kB)

Politisk sekretariat

Politisk sekretariat administrerer det politiske systemet i kommunen og er eit bindeledd mellom ordførar, administrasjonen og eksterne aktørar.