Arbeidet med kommunedelingStortinget vedtok 16. juni 2022 at Ålesund kommune skal delast opp og at det frå 1. januar 2024 skal etablerast to nye kommunar, Ålesund og Haram, med dei same grensene som før kommunesamanslåinga 1. januar 2020. Politisk organisering i kommunedelingsprosjektet Det er sett ned to politiske utval, kommuneutval Haram og kommuneutval Ålesund. Alle saker av prinsipiell overordna karakter som gjeld førebuing og etablering av Haram kommune og Ålesund kommune frå 01.01.2024 skal leggast fram for dei to kommuneutvala. Du kan følgje arbeidet til kommuneutval Haram og kommuneutval Ålesund. Meir informasjon om den politiske organiseringa. Administrativ organisering i kommunedelingsprosjektet Kommunedelinga er organisert som eit prosjekt med to prosjektleiarar. Anders Hammer vil fungere som prosjektleiar for kommunedelinga for Haram 2024 frå 1. januar 2023 fram til han tiltrer som kommunedirektør i Haram kommune 1. januar 2024. Regine Bruteig er tilsett som prosjektleiar for kommunedelinga for Ålesund 2024. Jon Steven Hasseldal er prosjekteigar og leiar i styringsgruppa. Styringsgruppa er kommunedirektørens leiargruppe. Meir informasjon om den administrative organiseringa. Framtidig politisk styring i dei to nye kommunene Størrelse på kommunestyra i dei to nye kommunane vart vedtatt av Ålesund kommunestyre i møte 16. juni 2022 i sak 102/22: Ålesund kommunestyre skal bestå av 47 representantar Haram kommunestyre skal bestå av 27 representantar Kommuneutvala har sett ned kvart sitt arbeidsutval som arbeidar med politisk styringsstruktur. Dette arbeidet skal vere ferdig til sommaren 2023 og stadfestast i kommunestyra i deira første møte. Administrative leiarar i dei to nye kommunane Kommuneutval Haram vedtok i møte 23. september 2022 å tilsette Anders Hammer som kommunedirektør i nye Haram kommune. Kommuneutval Ålesund stadfesta i møte 6. oktober 2022 vurderinga om at Jon Steven Hasseldal har rettskrav på stillinga som kommunedirektør i nye Ålesund kommune. Sentrale dokument i kommunedelingsprosjektet Stortinget har vedtatt forskrift om deling av Ålesund kommune til Haram kommune og Ålesund kommune. Kommunestyret har vedtatt ulike sentrale prinsipp for å forenkle og effektivisere prosjektgjennomføringa. 116/22 - Interkommunalt samarbeid og eigarskap ved deling av Ålesund kommune 117/22 - Prinsippavklaring fro IKT ved kommunedeling 118/22 - Prinsippfråsegn for deling av Ålesund kommune 119/22 - Delegering av mynde - tilsetting av kommunedirektørar og anna nøkkelpersonell for Haram 2024 og Ålesund 2024 Prosessen fram til Ålesund kommune søkte om deling Tidsplan for kommunedeling, val og etablering September 2022 Tilsetting av prosjektleiarar i begge kommunane og kommunedirektør Haram. 01.09.2022 Januar 2023 Administrativ styringsstruktur i dei nye kommunane må vere klar. 01.01.2023 31. mars 2023 Frist for innlevering av listeforslag til vala. 31.03.2023 1. april 2023 Siste frist innplassering alle tilsette i dei to nye kommunane. 01.04.2023 Juni 2023 Politisk styringsstruktur behandla i kommuneutvala. 01.06.2023 11. september 2023 Kommunestyre- og fylkestingsval. 11.09.2023 Oktober 2023 Konstituering av kommunestyre i kommunane Haram og Ålesund. 01.10.2023 1. januar 2024 Etablering av Haram kommune og Ålesund kommune. 01.01.2024 Sist endra 12.12.2022 15.25