Veiledning før du søker

Før du startar ein byggesøknad er det ein del å setje seg inn i.  Her kan du sjå korleis gå frem for å få rettleiing eller førehandskonferanse med ein byggesaksbehandlar.

Kort fortalt

  • Sjekk rettleiarar på nett først.  Vi anbefaler Direktoratet for byggkvalitet
  • Har du spørsmål? Skriv det til oss
  • Vil du møte ein saksbehandlar kan du bestille førehandskonferanse

Har du ein pågåande sak? 

Send e-post til postmottak@alesund.kommune.no Skriv referansenummeret frå kvitteringsbrevet innleiingsvis i emnefeltet til e-posten.

Førespurnad 

Treng du å avklare ting du lurer på i samband med ein byggesøknad eller enkel rettleiing? Send spørsmålet ditt til oss på e-post til postboksbyggesak@alesund.kommune.no, så kan vi finne den rette til å svare deg.  Skriv ditt gards- og bruksnummer innleiingsvis i emnefeltet til e-posten.

For å få gode svar bør du stille så konkrete spørsmål som mogleg. Legg gjerne ved beskrivande teikningar. Vi gjer likevel merksam på at det kan bli nødvendig å bestille ein førehandskonferanse dersom spørsmåla er omfattande.

Førehandskonferanse

Ein førehandskonferanse er eit møte med kommunen for å diskutere rammene for eigedommen din i forhold til det du vil søkje om. På møtet vil du eller de få meir informasjon om behandlinga av byggesøknaden. Dette vil gi betre søknader og dermed raskare saksbehandling.  

Byggesøknaden blir ikkje behandla på dette møtet.  

  • For tiltak som du sjølv kan søke om (søknad utan ansvarsrett), kan du møte oss åleine. 
  • For tiltak som krev at du engasjerer eit føretak (kalla ansvarleg søkar) til å ta seg av heile søknadsprosessen, bør du ha med deg nokon frå føretaket til møtet. 

Bestille førehandskonferanse

Vi treng informasjon om:  

  • Eigedommen det gjeld
  • Kva du ønsker å bygge (kartutsnitt med tiltaket innteikna, teikningar/skisser) 
  • Alternative tidspunkt det passar å møtast

 Bestill førehandskonferanse her

Ein av saksbehandlarane våre vil ta kontakt med deg for å avtale eit møte.  

Gebyr

Gebyr førehandskonferanse: kr 4 375,- per møte (pris for 2024).

Ansvarleg for tenesta