Innsyn er oppe igjen

Postlister, møteplan og Innsyn er nå tilgjengeleg igjen. Dei tekniske feila er retta. 

Søk om avkøyrsel

Søk om avkøyrsel

Med avkjøyrsel meinast einkvar forbindelse mellom byggetomta og offentlig veg. Dette gjeld og der privat veg møter offentleg veg.

Kva er søknadspliktig?

Både etablering av ny avkøyrsel samt endring/flytting av eksisterende avkøyrsel er søknadspliktig etter veglova § 40. Om du skal etablere ein eller fleire nye boenheter som skal bruke ein eksisterande avkøyrsel, så er også dette søknadspliktig.

Ver oppmerksom på at avkjørselen ofte er søknadspliktig også etter plan- og bygningsloven:

  • Om gjeldende reguleringsplan viser ein annleis avkøyrsel enn det du søker om no, må det søkaat om dispensasjon frå planen. Søknad skal sendast til byggesaksavdelinga.
  • Skal du også søke om andre tiltak (f. eks. bygg, terrenginngrep, frådeling av eiendom mv.), søker du om avkøyrsel saman med byggesøknaden for dei andre tiltaka. 

Om det ikkje finnast ein reguleringsplan for området eller reguleringsplanen ikkje omfatter avkøyrsel, og du heller ikkje skal gjere andre søknadspliktige tiltak, treng du kun å søke om avkjørselstillatelse frå vegmyndigheten.

Slik søker du

Du søker om avkøyrsel på "Din side" på Statens vegvesen sine nettsider:

Søk om avkøyrsel

nettsida til statens vegvesen finn du også informasjon om krav til søknaden og nabovarsling med vidare.

Kven behandlar søknaden din?

Søknaden sendes automatisk til behandling hos den som er vegeier for den offentlige vegen:

  • Kommunal veg: Kommunen ved Veg, grønt og anlegg.
  • Fylkesvei: Fylkeskommunen.
  • Riksvei: Statens Vegvesen.

Gebyr

  • Behandling etter veglova § 40 er gratis
  • Behandling av søknad om dispensasjon frå reguleringsplan, andre byggetiltak samt frådeling av eigendom er gebyrbelagt.

Sjå gebyra for byggesak her.

Gjennomføring/etablering av avkjørsel etter godkjent søknad

Korleis avkøyrselen skal utføres konkret er beskrevet i veg- og gatenorm for gamle Ålesund kommune. Ny vegnorm for heile den nye kommuna kjem snart.

Til toppen