Veg- og gatenorm

Norma skal medverke til trygg trafikk, eit godt bumiljø og framkomelege vegar og gater for alle.

Vidare skal norma vareta kommunal service, framtidig vedlikehald og drift av kommunaltekniske anlegg ved planlegging og bygging av bustadområde og kommunale vegar.

Kommunalteknisk veg- og gatenorm er i hovudsak eit supplement til Statens vegvesen si handbok ”N100 Veg- og gateutforming”, heretter kalla «N100», og handbok ”N200 Vegbygging”, heretter kalla «N200». Norma skal fungere som oppslagsverk og ei kortfatta innføring i dei krava som blir stilt til vegplanlegging på kommunalt vegnett. I tillegg gir ho føringar for private vegar. Planlegging av riks- og fylkesvegar skal i sin heilskap følge Statens vegvesens vegnormalar.

Norma er laga for gamle Ålesund kommune. På sikt vil det bli utarbeidd ein plan for den nye kommunen. 

Bruk av norma

Ålesund kommune si veg- og gatenorm gjeld kommunale vegar, avkøyringar og parkeringsplassar. I tillegg gir den føringar for private vegar, avkøyringar og parkeringsplassar som er knytt til kommunal veg. Norma gjeld også for fortettingsområde, men her vil det kunne oppstå forhold som krev ei skjønnsmessig vurdering frå kommunens side. Planlegging av riks- og fylkesvegar skal i sin heilskap følge Statens vegvesens vegnormalar.

Plan- og bygningslova og veglova med forskrifter gjeld over dei krava som går fram av Ålesund kommunes veg- og gatenorm.

Den som skal utarbeide planar og tekniske skildringar må sjølv tileigne seg tilstrekkeleg informasjon i standardar og handbøker, samt halde seg oppdatert med eventuelle endringar i desse. Vidare må dei følge dei til einkvar tid gjeldande instruksar og reglar frå andre instansaer som kan ha betydning for arbeidet.

Krava i norma og avvik fra desse

Krava som kjem fram i den kommunaltekniske veg og gatenorma er minimumskrav, og utgangspunktet er at dei skal følgast. I nokre tilfelle kan imidlertid ikkje alle minimumskrav brukast samtidig og i slike tilfelle må planleggar, i samråd med vegstyresmakta utøve skjønn. Då er krava retningsgivande og forholda må vurderast i kvart tilfelle. Det blir vist mellom anna til gjeldande N100 og N200 for ei supplering og utdjuping av krava i denne norma, samt når det gjeld meir detaljerte og tekniske spesifikasjonar som har med vegbygging å gjere.

I ein del tilfelle avvik krava i kommunal vegnorm i forhold til N100 og N200. I slike tilfelle gjeld kommunalteknisk veg og gatenorm framfor N100 og N200. Dette kan vere spesielle krav som er tilpassa kommunale vegar og kommunale forhold, og der N100 og N200 blir for generell eller ikkje er dekkande. Ved oppdatering av Statens vegvesen sine handbøker må kommunale krav bli vurderte.

Der kommunalteknisk veg og gatenorm ikkje er dekkande eller føremålstenleg å bruke skal N100 og N200 leggast til grunn.

I tilfelle med mindre avvik frå vegnorma, kan konsulent/utbyggar ta kontakt med verksemda Miljø og samferdsel  - og eventuelt få skriftleg dispensasjon for dette i samband med uttale til byggesak, reguleringsplan eller teknisk plan.

Ansvarleg for tenesta