Det finst fleire tilskotsordningar for dei som vil sette i stand eldre bygningar. Kvar ordning har sine eigne reglar, men hovudregelen er at huseigarar kan få tilskot til istandsetting (men ikkje til ordinært vedlikehald) av bygningar som har historisk eller arkitektonisk verdi, og at det er viktig at arbeidet blir utført på same måte og med same type material som tidlegare.
Hjelp og rådgiving
Jugendstilsenteret kan hjelpe til med informasjon om istandsetting av bygningar i jugendstil i heile landet.
Fortidsminneforeningen Sunnmøre lokallag har dyktige frivillige som kan hjelpe til med råd om istandsetting og tilskotsordningar.
Det er mykje informasjon å hente på nettsida til ”Bygg og bevar”, om istandsetting, tilskotsordningar, isolering, stilhistorie og mykje anna. Her kan du også finne ut kva krav du skal stille til handverkarar og leverandørar.
Tips
Det er stadig fleire som søker om tilskot til istandsetting, og det tar lang tid å søke. Her er nokre tips som kan hjelpe til å kome høgare i søknadsbunken:
Sjølve bygninga
Det er fullt mogleg å øydelegge sjansane om å få tilskot ved å bruke feil ord og uttrykk i søknaden, eller søke om eit tiltak som ikkje er i tråd med Kulturminnefondets krav. Samtidig kan ikkje verdas beste søknad vege opp for eit prosjekt eller ein bygning som ikkje har dei kvalitetane Kulturminnefondet verdset. Det er ikkje nødvendigvis snakk om at bygninga må vere gammal nok. Kulturminnefondet har gitt uttrykk for at dei ønsker tematisk og geografisk spreiing. Og det må vere noko igjen å bevare: dersom huset er så endra over åra at det har tapt sin opprinnelege karakter, vil dette trekke ned. I tvilstilfelle kan det vere lurt å spørre ein rådgivar, eller ganske enkelt ringe Kulturminnefondet som er svært hjelpsomme.
Allmennytte
Kulturminnefondet og Stiftelsen UNI gir tilskot til private hus som brukast til bustad eller privat næring. Dei er også opptatt av allmennytte, men dersom ein bygning har høg historisk verdi vil dette i seg sjølv ofte bli sett på som ein form for samfunnsøkonomisk verdi. Andre tilskotsordningar stiller litt høgare krav til at tiltaket skal vere nyttig for samfunnet. Det kan vere at folk kan besøke eller bruke bygninga (for eksempel ei seter som står ulåst)
Fagutdanning
Vi treng fleire fagfolk i Norge, og det er fare for at tradisjonshandverk gjeng tapt. Derfor vil eit tiltak hamne høgare i bunken dersom det blir sett i samanheng med fagseminar, kurs, eller ganske enkelt dersom lærlingar får jobbe på eit prosjekt. Har du eit spennande prosjekt, kan du også kontakte ein lokal fagskole. Kanskje elevane vil ha litt praksis?
Formidling
Når for eksempel ein bank deler ut pengar, er det også fordi dei vil vise at dei er engasjert i lokalsamfunnet der dei opererer. Det er derfor viktig å tipse pressa om tilskotet og om prosjektet, og aldri gløyme å nemne støtta ein har mottatt i trykksaker, på sosiale medier og ved andre høve.
Hastetiltak
Dersom taket ikkje er tett eller eit hus har fått skader som lett kan bli verre, kan du søke opp til 30 000 kroner frå Kulturminnefondet. For slike tiltak gjeld ikkje søknadsfristen i november, og saksbehandling tar nokre få veker. Desse midlane kan for eksempel brukast til å legge ein plastduk over taket medan du søker om pengar til å legge om skiferhellene.
Arrangement
Det er også mogleg å søke Kulturminnefondet om midlar til fagseminar. Det er først og fremst spesialiseringskurs til yrkesutøvande fagfolk som blir prioritert. Men står du ovanfor ei krevande oppgåve, som for eksempel eit tårn på eit hus i jugendstil, kan det vere ei moglegheit til å halde eit kurs med fagfolk, lærlingar og/eller elevar ved lokale fagskolar.
Du kan også skrive ut all informasjonen du treng å vite om tilskotsordningar og bevaringsverdig bebyggelse.
Kulturminnesøk
Kulturminnesøk viser informasjon om over 150.000 kulturminner registrert i Askeladden, og har i tillegg opplysingar og bilete frå fleire andre kjelder og frå publikum.