Handtering av bygg- og anleggsavfall Material i gamle bygg kan innehalde stoff som er skadelege for miljø og helse. For å hindre at desse blir spreidde, stiller myndigheitene krav til handtering av byggavfall. Alle som skal bygge, rive eller rehabilitere bygg av ein viss størrelse, skal lage ein plan for korleis avfallet skal handterast. Avfallsplan og sluttrapport Du må utarbeide ein avfallsplan før igangsetting, dersom nybygget har bruksareal (BRA) på over 300 kvadratmeter rehabilitering eller riving berører del av ei bygning på over 100 kvadratmeter BRA oppføring, endring eller riving av konstruksjonar og anlegg genererer over 10 tonn avfall Avfallsplanen skal ikkje sendast inn for behandling, men vere utarbeidd og tilgjengeleg for innsyn. Etter at tiltaket er fullført, må du sende oss ein sluttrapport som dokumenterer kor mykje som er levert av dei ulike avfallstypane. I sluttrapporten skal du også føre opp dei planlagde mengdene frå avfallsplanen i ei eiga kolonne. Send sluttrapporten saman med søknad om ferdigattest. Saman med sluttrapporten skal du levere kopi av kvitteringar for avfallet som er levert. Dette kan vere kvitteringar frå avfallsmottak deklarasjonsskjema for farleg avfall eigenerklæring for korleis avfallet er handtert og kor du planlegg å levere det. Dersom du for eksempel har selt takstein eller treverk, eller ein målar eller elektrikar har tatt med restar av måling eller EE-avfall for levering til sitt mottak Blankett for sluttrapport med avfallsplan finn du hos Direktoratet for byggkvalitet. Miljøsaneringsbeskriving Det er krav om miljøsaneringsbeskriving ved endring eller riving av eksisterande byggverk dersom arbeida berører ein del av ei bygning på over 100 kvadratmeter BRA oppføring, endring eller riving av konstruksjonar og anlegg genererer over 10 tonn avfall Prosjektering og utføring av miljøsanering må vere ansvarsbelagt før kommunen kan gi løyve. Miljøsaneringsbeskrivinga skal utformast som ein eigen rapport, som minimum må gi opplysningane som står i TEK17, § 9-7 3. ledd, som er følgande: kven kartlegginga er utført av dato for kartlegginga byggeår og tidlegare bruk dersom dette er kjent resultat av representative materialprøver og analyser forekomsten og mengda av farleg avfall, delt inn i avfallstypar plassering av farleg avfall i byggverket, angitt med bilde eller teikning der det kan vere tvil korleis farleg avfall gjennom merking, skilting eller andre tiltak er identifisert korleis det farlege avfallet er planlagt fjerna kor det farlege avfallet er planlagt levert ein tabell over alle funn av farleg avfall Relevante lenker Krava til avfallsplanen, miljøsaneringsbeskrivinga og sluttrapporten er står i Teknisk forskrift (TEK17) § 9-6 til §9-9 Ansvarsforholda er står i Byggesaksforskriften (SAK10) kapittel12. Rettleiing for avfallshandtering i byggesaker finn du hos Direktoratet for byggkvalitet. Sorteringsguide Ansvarleg for tenesta Byggesak Sist endra 29.11.2023 13.39