Pris for byggesak

Du må betale for å få behandla byggesøknaden din i kommunen. Prisen dekker kommunen sine kostnadar ved behandling av byggesøknaden, og reknast ut frå kva du søker om.

Betalingsplikt

Betalingsregulativ for bygge- og delesaksbehandling blir vedtatt av kommunestyret. Sjå heile forskrift om betalingsregulativ for private planer, bygge- og delesakshandsaming, oppmåling og eigarseksjonering

For alle søknadspliktige tiltak etter plan- og bygningslova skal det betalast gebyr etter satsane som kjem fram nedanfor, med mindre anna kjem fram av regulativet.

  • Satsane er knytt til bruksarealet til bygningen i samhøve med NS-3940 så langt som dette passar.
  • Gebyr vert kravd for kvart enkelt tiltak sjølv om det vert fremma søknad for fleire tiltak i same område.
  • Gebyra gjeld fullt ut for tiltak som vert godkjent mellombels for 2 år eller meir.

Minstegebyr

Gebyra er basert på eit minstegebyr (M) eller spesifikke satsar. Det vert ikkje gjeve gebyr under satsen på 1 M.

  • Minstegebyret (M): kr 4 375,-
  • Midlertidig godkjenning under 2 år beregnes et minstegebyr på 2 M: kr 8 750,-

Avslag på søknad og fristoverskriding

Ved avslag på søknader vert gebyret redusert til 60 % av ordinært gebyr.

Dersom frist for sakshandsaming etter plan- og bygningslova § 21-7 overskridast, skal kommunen redusere gebyra i samsvar med denne avgjerda. Behandlingsfristen tar til når fullstendig søknad er motteke i kommunen.

Førehandskonferanse

For nærare avklaring av rammer og innhald i tiltaket kan det haldast førehandskonferanse mellom tiltakshavar, kommunen og andre rørte fagmyndigheiter.

Gebyr førehandskonferanse: kr 4 375,- per møte

Gebyr for mangelfulle søknader

Dersom innsendt søknad er mangelfull og kommunen må etterspørje ansvarleg søkar om tilleggsopplysningar eller dokumentasjon før behandling, eller søknad vert returnert på grunn av manglar, vert det gitt gebyr for kvart enkelt mangelbrev.

Gebyr per mangelbrev: kr 2 500,-

Gebyr for tiltak berekna etter bruksareal

For behandling av søknad etter pbl. § 20-1, som kan målast etter bruksareal gjeld følgande satsar pr m² bruksareal:

Gebyr beregnet etter bruksareal - for behandling av søknad etter pbl. § 20-1, som kan måles etter bruksareal gjelder følgende satser pr m² bruksareal:
Beskrivelse Areal Pris kr /m²
Første 0 m² - 50 m² 150,-
videre frå 51 m² - 200 m² 123,-
videre frå 201 m² - 400 m² 100,-
videre frå 401 m² - 600 m² 73,-
videre frå 601 m² - 10.000 m² 45,-
areal over 10.001 m² til og med 25.000 m² 34,-

Ved tiltak som rehabilitering og bruksendring, eller ved ombygging som ikkje er hovudombygging, blir gebyret avgrensa til berørte areal etter tabell angitt ovanfor.

For behandling av søknad etter pbl. § 20-4, som kan målast etter bruksareal gjeld følgande satsar:

Gebyr beregnet etter bruksareal - For behandling av søknad etter pbl. § 20-4, som kan måles etter bruksareal gjelder følgende satser:
Beskrivelse Pris
Areal til og med 50 m2 8750,-
Areal frå 51 til og med 70 m2 12500,-
Areal frå 71 til og med 200 m2 17500,-
Areal frå 201 til og med 1.000 m2 21875,-

Gebyr for tiltak der bruksareal ikkje kan nyttast

For behandling av tiltak etter plan- og bygningslova § 20-1 som ikkje er målbare i bruksareal, vert det berekna gebyr etter storleiken og kompleksiteten i saka. Storleiken på sak/gebyr vert vurdert ut ifrå sjølvkostprinsippet.

Føresegna omfattar fasadeendringar, skilt og reklameinnretningar, tekniske installasjonar, rehabilitering av pipe, løfteinnretningar, støttemurar, støyskjerming, terrengarbeid, tekniske anlegg, konstruksjonar og anlegg m.m. Nemnde tiltak er likevel inkludert i det ordinære gebyret viss dei vert søkt saman med anna tiltak.

Gebyr for tiltak der bruksareal ikke kan benyttes (2024)
Beskrivelse Pris
Rehabilitering av piper – 1M 4375,-
Ikke målbart – små saker – 2M 8750,-
Ikke målbart – større saker – 3M 12500,-
Ikke målbart – store saker – 5M 21875,-

Igangsettingsløyve

For to-trinns behandling (ramme- og igangsettingsløyve) vert gebyr berekna på same måte som for eitt-trinns behandling. Det vert krevd gebyr for behandling av igangsettingsløyve frå første løyvet.

Igangsettingsløyve (IG) frå første IG 1M: kr 4 375,-

Godkjenning av sjølvbyggar

For behandling av tiltak der sjølvbyggar godkjennast etter SAK § 6-8 eller godkjenning av føretak som ikkje oppfyller kvalifikasjonskrava i SAK § 11-4.

Godkjenning av sjølvbyggaransvar – 1M: kr 4 375,-

Godkjenning av ansvarsrett – 1M: kr 4 375,-

Dispensasjonssøknad, fråvik frå byggteknisk forskrift (TEK)

Krev ein søknad dispensasjon frå gjeldande planar, lover, eller føresegner reknast det ut eit tilleggsgebyr for kvart forhold det blir søkt om dispensasjon frå. I frådelingssaker der det vert krevd søknad om dispensasjon er satsane gitt under pkt.7. Frådelingssaker.

Dispensasjonssøknad, fravik fra TEK (2024)
Beskrivelse Pris
Gebyret illegges for hvert forhold som krever søknad om dispensasjon  – 1M 4375,-
Fravik fra TEK – 1 fravik: 1M 4375,-

Riving av bygg

For riving av bygg vert det krevd gebyr.

Riving av bygning (2024)
Beskrivelse Pris
Riving av bygningar og konstruksjonar utan krav til avfallsplan– 1M 4375,-
Riving bygningar og konstruksjonar med krav til avfallsplan – 3M 13125,-

Frådelingssaker

Det blir utrekna saksbehandlingsgebyr ved oppretting og endring av eigedom etter pbl § 26-1.

Frådelingssaker (2024)
Beskrivelse Pris
Frådelingssaker bereknast eit generelt sakshandsamingsgebyr på – 2M 8750,-

Arbeid som ikkje kjem til utføring og fornying av søknad, og fornying av midlertidig brukstillatelse

Ved ny behandling av tidlegare godkjent byggesøknad utan endringar (innan 5 år) for tiltaket blir det betalt 50% av gjeldende gebyr.

Der det er gitt avslag, og ny søknad er mottatt innan 6 månader etter avslagsdato blir dette betalt 70% av gjeldande gebyr.

Midlertidig brukstillatelse etter pbl.§ 21-10 er gyldig til datoen som framkjem i vedtaket.

Fornying av frist for midlertidig brukstillatelse etter pbl.§ 21-10  - 1M: kr 4 375,-

Søknad om endring

Endring som krev nytt vedtak utløyser eit gebyr på 1 M. Eventuell dispensasjon/fråvik frå byggteknisk forskrift utløyser gebyr i tillegg, jf. § 3-10.

Tilbaketrekking av søknad

Søknad som vert trekt etter utført mottakkontroll: 1 M
Søknad som vert trekt etter utført vedtak: 100 % av ordinært gebyr.

Tilsyn

Tilsyn er eit viktig verkemiddel for å kontrollere at tiltak vert gjennomført i samsvar med føresegner gjeve i eller med heimel i plan- og bygningslova. Tilsyn skal bidra til betre gjennomføring av byggjeprosessar, avdekke lovbrot og verke førebyggjande.
10 % av sakshandsamingsgebyret skal dekke kommunen si tilsynsverksemd.

Timepris

For dei tenestene som ikkje er omtalt i regulativet, men som krev behandling etter plan- og bygningslova, gjeld eit gebyr etter medgått tid. Timesatsen dekker mellom anna saksarbeid, støttefunksjonar og administrasjon. I følge vedtatt regulativ er timeprisen kr 1.205,- for tenester som ikkje fell inn under regulativføresegnene.

Ansvarleg for tenesta