Før du kan grave
Finn ut om det er mistanke om forureining i grunnen på eigedommen der det skal gravast. Erfaringsmessig kan det vere grunn til å tru at ein eigedom kan ha forureina grunn viss han tidlegare har vore nytta til:
- industriverksemd, mekanisk verkstad eller skipsverft,
- bensinstasjon, bilverkstad eller tankanlegg,
- galvaniseringsverkstad eller impregneringsverkstad,
- gartneriverksemd
- avfallshandtering eller deponiverksemd
Heile bybrannområdet i Ålesund blir sett på som mogleg forureina.
I tillegg vil gammal byggegrunn der det er gjennomført rivingsarbeid eller rehabilitering av bygningar i perioden 1950 – 1980 erfaringsmessig kunne vere forureina.
Nokre eigedommar er òg registrerte i Miljødirektoratets grunnforurensningsdatabase.
Undersøking
Ved mistanke om forureining skal grunnen undersøkast i samsvar med NS-ISO 10381-5 og tilhøyrande rettleiarar.
I tilfelle der grunnundersøking viser at gjeldande normverdiar ikkje er overskridne, slik at kravet om tiltaksplan ikkje blir utløyst, skal resultata frå undersøkinga vedleggast eventuell søknad etter plan- og bygningslova.
Tiltaksplan
Er det forureiningar i grunnen skal det utarbeidast ein tiltaksplan. Krav til innhald i denne er definert i forureiningsforskrifta. Tiltaksplanen skal sikre
- ønska miljøkvalitet,
- at anleggsarbeidet ikkje fører til forureining og at
- disponering av forureina massar er forsvarleg
Tiltaksplanen skal godkjennast av forureiningsstyresmakta til kommunen før terrenginngrep blir igangsett.
Saksbehandlingstid
Saksbehandlingstida er fire veker frå du har sendt inn ein komplett tiltaksplan til oss.
Etter at du har grave
Sluttrapport
Når arbeida er utført, skal du sende oss ein sluttrapport for handtering av forureina grunn. Det finst ikkje eit eige skjema, så skriv ein tekst som inneheld:
Vi tilrår at sluttrapporten blir utarbeidd av eit føretak med høg fagleg kompetanse på området. Sluttrapport for forureina grunn blir behandla uavhengig av ein eventuell søknad om ferdigattest.
Dokument kan sendast inn til oss på e-post postmottak@alesund.kommune.no eller i posten til Ålesund kommune, postboks 1521, 6025 Ålesund.
Relevante lenker