Viktig informasjon om korona

Ålesund kommune følger nasjonale råd og reglar. Det er gult nivå på skolar og barnehagar til og med fredag 17. september.

Koronatest | Vaksine | Smittetal | Alt om korona | Information about corona in other languages

Reseksjonering

Reseksjonering

Kva er reseksjonering? 

Reseksjonering er ei ny seksjonering av ein eller fleire seksjonar i allereie seksjonert eigedom.  

Kven kan søke? 

Ved reseksjonering i form av deling eller samanslåing av seksjonar, er det heimelshavarar som kan søke. I nokre tilfelle er det krav til at styret i sameiget må samtykke til reseksjoneringa. Dette står det meir om i eigarseksjonslova § 20. I andre tilfelle av reseksjonering, er det styret som må fremme søknad, jf. eigarseksjonslova § 21.   

Andre kan søke på vegne av heimelshavar, men det må då leggast ved skriftleg fullmakt. Unntaket er dersom det er advokat som søker. Fullmakta må vere original eller stadfesta rett kopi.   

Korleis søker ein? 

For å kunne behandle søknaden, må det sendast inn søknad på standardisert skjema. I tilfelle der ein ønsker å få oppmålt uteareal til seksjon, må det leggast ved rekvisisjon av oppmålingsforretning og matrikkelføring.   

Linkar til skjema og rettleiingar

Kva slags vedlegg som skal følge søknaden, står oppført på søknadsskjemaet.  

Søknaden må ha originale underskrifter. Det samme gjeld for eventuelle erklæringar.  

Vilkåra for reseksjonering er opplista i eigarseksjonslova § 7, og er nærare omtala i Veileder til eierseksjonslovens offentligrettslige regler. Denne rettleiaren er i utgangspunktet meint som eit hjelpemiddel for saksbehandlarar, men kan vere nyttig også for den som skal søke. 

Kva skjer etter at søknaden er sendt inn? 

Når kommunen har mottatt søknad om reseksjonering, vil denne bli registrert og gjennomgått. Dersom der er feil eller manglar, vil det bli gitt frist for retting. Når eventuelle rettingar er mottatt, vil kommunen sjekke om vilkåra for reseksjonering er til stades. Dersom vilkåra er oppfylt, blir det fatta vedtak. Når klagefristen på 3 veker er ute, blir dokumenta sendt til tinglysing. Etter at dei tinglyste dokumenta er mottatt i retur, sender vi desse til søkar, saman med matrikkelbrevet for dei nye seksjonane. Faktura blir sendt til søkar i eiga sending.  

Gebyr 

Sjå betalingsregulativ

Skjema 

Søknadsskjema for reseksjonering 

Rekvisisjon av oppmålingsforretning og matrikkelføring 

Lover 

Eigarseksjonslova

Matrikkellova

Sjå også 

Kartverket

Til toppen