Oppmålingsforretning

Oppmålingsforretning kan gå ut på å: 

  • klarlegge og beskrive grenser og rettar knytt til fast eigedom (matrikkeleining) 
  • framskaffe alle opplysningar og dokumentasjon som er nødvendig for å føre landets offisielle register over fast eigedom (matrikkelen) 
  • merke nye grenser i terrenget i samsvar med kommunalt løyve etter plan- og bygningslova

Det er plan- og bygningslova sine reglar som avgjer om deling kan skje. Først etter at kommunen sitt vedtak om delingsløyve ligg føre, kan eigedomsdelinga skje gjennom ei oppmåling av det som skal bli den nye eigedommen. 

Matrikkellova stiller krav til delingssøknaden og gjennomføringa av delinga. 

Kriterier/vilkår 

Oppmålingsforretning skal mellom anna gjennomførast dersom du skal: 

  • dele ei matrikkeleining
  • feste del av ei matrikkeleining for meir enn 10 år 
  • registrere ny matrikkeleining eller festegrunn 
  • overføre areal frå ei matrikkeleining til ei anna

Oppmålingsforretning med kartlegging av eigedomsgrensene må vere utført før grunnboksheimelen til matrikkeleininga kan tinglysast. 

Ved ei eigedomsdeling blir ein del (parsell) av ein eigedom avmerkt, oppmålt, beskrive i eit matrikkelbrev og gitt ein eigen matrikkelnemning (gards- og bruksnummer). Det blir sendt ei utskrift av matrikkelen til eigar og partane det vedkjem som dokumentasjon. 

Etter tinglysing av matrikkeleininga kan det eventuelt takast opp lån på den nye eigedommen, og/eller overskøytast. 

Søknadskjema - rekvisisjon 

Velg skjema: Rekvisisjon av oppmålingsforretning og matrikkelføring

Kva koster det?

Saksbehandlergebyr for behandling av oppmålingssaker

Vil du vite meir?

Matrikkellova Plan og bygningslova | Statens kartverk om matrikkeloven  | Forskrift om eiendomsregistrering (matrikkelforskriften) kap. 7 Rekvisisjon og fullføring av oppmålingsforretning

Ansvarleg for tenesta