Pris for plansak

Det skal betalast gebyr for alle private planforslag for arbeidet til kommunen fram til det vert avgjort om forslaget skal fremmast. 

I saker som vert avslutta før fullstendig planforslag er lagt fram, eller før offentleg ettersyn, vert gebyret fakturert når saka er avslutta.

Betalingsplikt

Betalingsregulativ for bygge- og delesaksbehandling blir vedtatt av kommunestyret. Sjå heile forskrifta om betalingsregulativ for private planer, bygge- og delesakshandsaming, oppmåling og eigarseksjonering 

For alle søknadspliktige tiltak etter plan- og bygningslova skal det betalast gebyr etter satsane som kjem fram nedanfor, med mindre anna kjem fram av regulativet.

  • Satsane er knytt til bruksarealet til bygningen i samhøve med NS-3940 så langt som dette passar.
  • Gebyr vert kravd for kvart enkelt tiltak sjølv om det vert fremma søknad for fleire tiltak i same område.
  • Gebyra gjeld fullt ut for tiltak som vert godkjent mellombels for 2 år eller meir.

Timepris

For dei tenestene som ikkje vert omfatta av dette regulativet så kan det takast gebyr etter tid som går med til kommunens arbeid. Timesatsen dekker òg støttefunksjonar og administrasjon av tenesta. For tenester som ikkje fell inn under regulativføresegnene er pris per time kr 1 130,-

Tilbaketrekking av planforslag

Dersom søknad vert trekt tilbake, skal tiltakshavar betala ein del av gebyret avhengig av kor langt kommunen har komme i behandlinga av søknaden. Det kjem fram av regulativet kor mykje som skal betalast.

Oppstartsmøte

Både kommunen og tiltakshavar kan krevje oppstartsmøte. Gebyret dekker førebuingane til kommunen, deltaking i møte og dessutan referat og etterarbeid.

  • Oppstartsmøte - per møte kr 18 300,-
  • Oppstartsmøte mindre komplekse planinitiativ - per møte kr 12 200,-

    Kommunen krev i tillegg gebyr for rettleiings- og arbeidsmøte:
  • Rettleiingsmøte før oppstartsmøte - per møte kr 4.880
  • Arbeidsmøte - per møte kr 4.880

Private planforslag

Alle private planforslag skal betale eit gebyr avhengig av regulert areal. Areal som blir regulert til offentlege grønstruktur- og friluftsformål, verneområde samt offentlege trafikkområde skal ikkje takast med i berekninga. Dersom planforslaget ikkje er i samsvar med overordna planar mv. skal det bereknast eit tilleggsgebyr.

Alle private planforslag skal òg betale eit gebyr avhengig av godkjend maksimalt bruksareal i planforslaget. Planforslag med frittliggjande småhusbusetnad med inntil to bustadeiningar, fritidsbusetnad og naust (Sosikode: RPArealFormål 1111, 1120) skal ikkje betale gebyr for bruksarealet.

Bruksareal under bakkenivå reknast for seg sjølv med 50 % av satsane over.

Planar som krev konsekvensutgreiing

For planforslag som krev konsekvensutgreiing, jf. pb § 4-2 andre ledd og kap. 14, skal det betalast tilleggsgebyr på kr 24 400,- per planforslag.

Reguleringsendring ved forenkla prosess

Ved utfylling eller endring av plan, jf. pbl § 12-14, skal det betalast gebyr:

  • Mindre endring og utfylling av detaljplan - per søknad Kr 36 600,-
  • Endringar som vert behandla som ny plan - per søknad fullt gebyr

 

Sjå prisar for Private planar, bygge- og delesakshandsaming, oppmåling og eigarseksjonering

Ansvarleg for tenesta