Søke kommunal bustad

Du kan søke om å leige ein kommunal bustad om du ikkje meistrar å skaffe deg ein eigna bustad sjølv, eller med hjelp frå andre, eventuelt annan offentleg hjelp. Du kan òg søke om kommunal bustad om du treng spesiell tilpassing på grunn av alder eller funksjonsnedsetting.

Her kan du søke kommunal bustad

Kort fortalt

  • Kommunal bustad er eit mellombels tilbod.
  • Bustadene vert tildelt for tre år av gongen. Du kan søke om å leige lenger dersom du fortsatt har behov for bustaden.
  • Du kan søke om bustønad frå Husbanken for å dekke delar av husleiga.

Slik søker du kommunal bustad

Her kan du søke om kommunal bustad

Skal du bu saman med nokon?

Her kan du registrére økonomiopplysningar på eventuell medleigetakar

Det er viktig at du lastar opp desse vedlegga til søknaden:

  • Siste skattemelding
  • Siste månadlege inntektsgrunnlag (f.eks. lønnsseddel, NAV-utskrift, osv)
  • Helsedokumentasjon om du søkjar på grunnlag av helse.

Søknaden er gyldig i 3 månader frå du får bekrefting på at den er registrert.

Dersom du treng manuell søknad: Manuell søknad

Seie opp kommunal bustad

Du må gi skriftleg beskjed om du vil avslutte leigeforholdet. Her kan du seie opp den kommunale bustaden din