Eigedomsskatt

07.12.2023 vedtok kommunestyret at det i 2024 skal skrivast ut eigedomsskatt for alle faste eigedommar i kommunen. Eigedomsskatten skal skrivast ut etter Eigedomsskattelova § 3 a

Slik reknar vi ut eigedomsskatten

  • Vi bruker i hovudsak bustadverdien (formuegrunnlaget) frå Skatteetaten, for å fastsette eigedomsskattegrunnlaget for bustadeigedomar i kommunen.
  • I dei tilfella vi ikkje har motteke denne bustadverdien frå Skatteetaten, blir taksten fastsett av kommunen.

Kva er skattesatsen i kommunen i 2024?

I 2024 er skattesatsen 2 for alle eigedomar som skal betale eigedomsskatt. Det betyr at du skal betale 2 promille av skattegrunnlaget i eigedomsskatt. 

Kommunestyret fastset kvart år i samband med budsjettet kva satsar og reglar som skal nyttast ved utskriving av eigedomsskatt for det komande skatteåret.

Korleis skal eg betale eigedomsskatt?

1. Først får du ein skattesetel (skatteseddel)

Alle som skal betale eigedomsskatt vil få ein skattesetel i posten med informasjon om takst. På denne finn du informasjon om bygningane på eigedomen og kva areal som er lagt til grunn for utrekninga. Skattesetel er berre informasjon, ikkje ein faktura.

Vidare finn du informasjon om kva du skal betale i eigedomsskatt, klagefrist og kvar du skal sende klagen.

Skattesetlane blir sendt ut innan utgangen av februar 2024.

2. Så får du faktura som du må betale

Eigedomsskatten vert i 2024 fakturert i 4 terminar (i lag med dei andre kommunale avgiftene), med følgjande forfall:

  • 20. april
  • 20. juni
  • 20. september
  • 20. november

Beløpet for heile 2024 er likt delt på dei 4 terminane.

Klage på eigedomsskatt

Klage på bustadverdi frå Skatteetaten

For eigedommar der bustadverdien frå Skatteetaten er lagt til grunn, skal klagen rettast direkte til Skatteetaten. Det er berre dei som kan endre bustadverdien. 
Eigedomsskatten for 2024 er rekna ut i frå bustadverdien for år 2022. Du må derfor be Skatteetaten endre bustadverdien tilbake i tid, for å få endra eigedomsskatten for i år. 

For meir informasjon: 

Klage på kommunalt takserte eigedommar

Dersom du kan dokumentere at taksten er for høg i forhold til antatt omsetningsverdi kan du klage på den kommunale taksten.  Ved andre feil eller spørsmål, ber vi om at du tek kontakt med kommunen før du eventuelt sender inn ein klage. Dette kan for eksempel vere faktafeil på areal eller kva bygninga blir brukt til. 

Ein klage skal vere skriftleg. Du må merke den med gards- og bruksnummer, eventuelt også feste-/seksjonsnummer og kontaktinformasjon.

Send klagen på ein av desse måtane: 

Klagefrist er 6 veker frå skattelista vert offentleggjort eller skattesetel vert sendt ut.

Send oss uformelle spørsmål om eigedomsskatt på e-post

Vil du vite meir?