Parkeringslette for funksjonshemma (HC-kort)

HC-kort er eit parkeringsløyve som gir tilgang til parkering på parkeringsplassar skilta for forflyttingshemma.

Du kan søkja kommuna om HC-kort om du har behov for parkeringslette eitt eller fleire konkrete stader du har vanskar med å bruke vanlege parkeringsplassar tilknytt:

  • bustad
  • arbeid/skule
  • anna aktivitet (medisinsk behandling/oppfølging hos: lege, sjukehus, fysio m.m).
  • fordi du ikkje kan gå
  • har store vanskar med å bevege deg

Handling, sosiale aktivitetar og problematikk knytt til bæring gir i seg sjølv ikkje rett til parkeringstillatelse
 
Du kan søkja om parkeringstillatelse anten som førar eller passasjer.

Det kan berre registrerast eitt kort per person.

Alle vilkår må være oppfylt før søknaden blir innvilga.

Søkjarar som har rullestolheis eller rampe i bilen blir prioritert.

Slik søkjar du HC-kort 

Last ned søknadsskjema og legeerklæring
Søknad om parkeringstillatelse for forflytningshemmende (PDF, 850 kB)

Dette må du ha med i søknaden:

Du må dokumentere eit særleg behov for parkeringslette på ein eller fleire konkrete stader, der du ikkje kan nytte det vanlege parkeringstilbodet. Dette kan til dømes vere ved bustad, arbeid, legesenter, sjukehus, behandlingsstadar eller liknande. Parkeringsbehovet skal vera av ei viss hyppigheit. 

Døme på dokumentasjon:

  • Dokumentasjon/ stadfesting frå behandlingsstad eller frå arbeidsgjevar/skule.
  • Legeerklæring som dokumenterar at du ikkje kan gå, eller har store vanskar med å bevege deg over lengre avstandar og kva hjelpemiddel du brukar.
  • Dokumentasjon frå lege dersom du søkjar som passasjer, og har behov for regelmessig hjelp utanfor motorvogn (ikkje klarer deg sjølv utan hjelp). Legen må da dokumentere om du treng ledsager/støtte eller om du treng tilsyn.

Dette må du legge ved søknaden:

  • Passfoto eller anna bilde på fotopapir i passbildestorleik (skriv namnet ditt på baksida av bildet).
  • Kopi av gyldig førarkort dersom du søkjar som sjåfør 
  • Kopi av anna gyldig legitimasjon med bilde om du søkjar som passasjer

For at søknaden skal bli vurdert må alle papir/vedlegg sendast inn. Om vi ikkje mottek alle vedlegg innan 4 veker etter at søknad er mottatt, så avsluttar vi saka. 

Send søknad med alle vedlegg til:

Ålesund kommune
Koordinering og tildeling
Postboks 1521, 6025 ÅLESUND

For direkte kontakt, ring oss på tlf. 70 16 22 00

Sakshandsaming 

Vi har 4 (fire) veker sakshandsamingstid for alle søknadar om HC-kort etter at alle vedlegg er mottatt hos oss. I tillegg kjem postgangen både ved innsending til oss og utsending frå oss. 
Får du avslag, kan du klage. Du finn informasjon om dette i avslagsbrevet. 

Lover og retningslinjer 

Kvar kan du parkere med HC-kort? 

Kart over HC-parkeringar frå Statens vegvesen.

  • På reserverte offentlege parkeringsplassar for funksjonshemma. 
  • På avgiftsbelagte offentlege parkeringsplassar utan å betale avgift, og utover tillaten maksimumstid. 
  • På offentlege parkeringsplassar som ikkje er avgiftsbelagte utover tillaten maksimumstid. 
  • I bebuarparkeringssoner.

Kriterier og vilkår 

  • Du får eit kort som blir registrert hos Statens vegvesen, med namnet ditt og eit bilete av deg på (det kan berre registrerast eitt kort pr. person).
  • Parkeringsbeviset er personleg og følgjer deg, ikkje bilen. Du kan bruke kortet i ulike bilar og parkere på stader som er merka for rørslehemma. Kortet må alltid vere med i bilen når du parkerer på spesialplasser for funksjonshemma.
  • Det er forbode for andre å bruke parkeringstillatelsen (HC-kortet). For at kortet skal være gyldig når ein er passasjer, må kortinnehavar sjølv være med i bilen ved parkering
  • Løyvet gir deg rett til å parkere på offentleg skilta og reservert parkeringsplass utan at du betaler avgift, og vanlegvis utan at du treng å følgja den lengste fastsette parkeringstida.
  • Du må levere inn kortet når du ikkje lenger disponerer bil, eller når dei forholda som var grunnlaget for tildelinga ikkje lenger er til stades. Du må og levere inn kortet når det ikkje lenger er gyldig.  
  • Misbruk vil føre til inndragning av kortet og kommunen vil vurdere å melde saka til politiet.

Krav til deg med HC-kort

Du som innehavar av HC-kort er ansvarleg for:

  • At HC-kortet er lesbart
  • At HC-kortet er gyldig
  • At det ikkje er feil på HC-kortet som kan føre til bot.

Ser du at kortet ikkje inneheld riktig informasjon, har gått ut på dato eller at kortet er blitt falma eller ikkje lesbart av andre grunner, bør du ikkje bruke kortet. Da kan det føre til parkeringsbot.

  • Er det lang tid til det skada/øydelagde kortet utgår, til dømes over eitt år, send det gamle kortet i retur saman med ei forklaring på kva som er galt.
  • Er det kort tid til det skada/øydelagde kortet utgår (under eit år) kan du sjølv vurdera om du vil søkja på nytt, eller få nytt kort med kort dato, og søkja på nytt når dette utgår.
  • Om du tidlegare har fått innvilga parkeringsløyve og dette har gått ut, kan du søkja på nytt. 

Tapt/stole HC- kort

  • Om kortet blir tapt eller stole, må du melde det til politiet. 
  • Deretter må du levere kopi av tapsmelding/anmeldelse og nytt bilde til Ålesund kommune, Enhet for koordinering og tildeling, Postboks 1521, 6025 ÅLESUND 

Ansvarleg for tenesta