Legat

Ved oppretting av eit legat blir ein formuesverdi stilt til rådvelde for eit bestemt føremål. Denne verdien av formua kan vere gitt av ein givar ved testament, gåve med meir. Renteinntektene som formua gir, vil vere grunnlaget for det beløpet som kan delast ut til det bestemte føremålet.

Utdeling av legatmidlar skal ikkje erstatte dei krav på ytingar som den enkelte måtte ha etter helse-, sosial- og trygdelovgivinga.

Det finst fleire legat det er mogleg å søkje på som er knytt til Ålesund kommune.

Legat til arbeid for eldre og økonomisk vanskeligstilte i Ålesund

Midlar frå legatet kan bli gitt til arbeid for eldre og personar som er vanskeligstilte, fortrinnsvis tiltak som tilgodeser personar som er busette i Ålesund kommune.

Grunnkapitalen er på kr 600 000, og det er dei årlege renteavkastningane som blir delt ut.

Søknad kan fremjast av enkeltpersonar, organisasjonar og institusjonar. Det er ikkje utarbeida eige søknadskjema, det må difor skrivast eit kort brev med grunngjeving for kvifor ein ønskjer midlar frå dette legatet.

Det er eit styre, beståande av to politikarar og ein frå kommunedirektøren sin stab, som deler ut midlane. Søknadsfristen er vanlegvis i november og blir annonsert kvart år.

Fond for ferie- og fritidstiltak for funksjonshemma og miljøtrua barn og ungdom

Ålesund kommune sitt feriefond er ei stifting som blei oppretta 11. april 1985, blant anna ved sal av ein feriekoloni. I tillegg er nokre mindre legat innlemma i stiftinga.

Fondet si inntekt er renteinntekt frå bankinnskot, og det er dei årlege renteavkastningane som blir delt ut til søkjarar.

Fondet sin frie kapital skal heilt eller delvis tildelast barn og ungdom som er

  1. psykisk og/eller fysisk funksjonshemma, eller
  2. miljøtrua/vanskelegstilt og
  3. under 21 år, og heimehøyrande i Ålesund kommune

Under kategori 2. forstår vi barn og ungdom som er tilmeldt barnevernstenesta i kommuna, og der det er gjort vedtak om særskilt tiltak, eller der det er behov for slike. Under denne kategorien kjem i tillegg barn og ungdom som barnevernstenesta på grunn av risikomoment finn at har behov for særskilde ferie- eller fritidstiltak.

Det kan søkjast om midlar som skal vere med på å dekkje fritids- og ferieaktivitetar for sommaren 2024.

Det er styret for feriefondet, beståande av tre politikarar og ein seksjonssjef frå kommunalområde oppvekst, som fordelar midlane. Det vil bli delt ut midlar for sommaren 2024.  Søknadsfristen er 12. mai 2024.

Søk om feriefond

Andre legat

Meir informasjon om legat: legatsiden.no