Den digitale innbygger

I eit samfunn med økande grad av digitalisering, er det mange som kjenner på digital sårbarheit. Dersom ein skal kunne vere aktiv og deltakande i samfunnet, er det vanskeleg utan noko digital kompetanse.  Ålesund kommune vil i løpet av våren 2024 ha to ulike tilbud til innbyggerane. DigiVei og Fole kjekt å vere sosial og digital.

Hensikt

  • Forebygge digital utanforskap.
  • Motvirke einsemd hos eldre.
  • Legge til rette for aktivt medborgarskap.

Målgruppe

Alle

DigiVei

DigiVei er kommunens rettleiingsteneste når du står fast digitalt. 
(Under utvikling. Oppstart etter sommeren 2024)
Du finn tilbudet hos alle innbyggertorg, bibliotek og frivilligsentralar i kommunen. Her kan du få hjelp og rettleiing i ulike digitale utfordringar du står overfor.  Det kan vere rettleiing i å finne informasjon/skjema på kommunens nettside, hjelp til å laste ned og bruke appar, korleis søke på internett e.l.

Tilbodet er gratis og tilgjengeleg i heile opningstida.

Fole kjekt å vere sosial og digital

Syns du det er vanskeleg å bruke internett, logge inn i nettbanken eller svare på e-post? Møteplassen "Fole kjekt å vere sosial og digital" er ein møteplass for seniorar der ein over ein kopp kaffi og ein god prat kan lære meir om dei digitale verktøya ein bruker i kvardagen.

Arrangementa er gratis og det krev inga påmelding – det er berre å møte opp. Du må ta med deg din eigen mobiltelefon eller nettbrett, og gjerne ladaren også. 

Trykk på dei ulike temaene nedanfor for å sjå tid og stad

Informasjon om alle arrangementa og mykje anna kan du sjå i Friskus.

Kvar? 

Når?

Drop-in eller etter avtale.

Vil du vite meir? 

For meir informasjon kan du ta kontakt med Christine Maurstad (mandag – fredag 08.00 – 16.00) 

Sjå også i Friskus.

Ansvarleg for tenesta