Mediekontakt og pressebilde

For journalistar som treng hjelp til å finne rett person å snakke med i kommunen. 

Det øvste informasjonsansvaret i Ålesund kommune ligg hos ordførar og kommunedirektør.

Politiske kommentarar og vurderingar blir gitt av politisk nivå, medan kommunedirektøren uttaler seg i overordna, administrative saker. Med kommunedirektør siktar ein her til kommunedirektørens leiargruppe (kommunedirektør, assisterande kommunedirektør, kommunalsjefar og assisterande kommunalsjefar).

Journalistar må gjerne ta direkte kontakt med leiarar og andre tilsette i Ålesund kommune. 

Kommunikasjon hjelper deg å formidla kontakt ved behov.

Pressebilde

I bildebanken vår finn du bilde av ordførar, kommunestyret, leiarar og grafisk profil. Dei er høyoppløselige og til fri bruk mot kreditering.

Ta kontakt om det er bilde som de elles treng frå kommunen.