Skarbøvik barnehage

Skarbøvika barnehage ligg i naturskjønne omgivnader i Skarbøvika, med fjell og fjøre i umiddelbar nærleik. Barnehagen blei opna i 1973 og fekk eit nybygg i 2006. Vi har gode og funksjonelle lokale med eigne grupperom og "språkrom".

Uteleikeplassen er stor og variert med Harehaugen midt i, med busker, tre og "fjell". Vi har også akebakke, asfalt til å sykle på og fint, grønt gras. Vi har kort vei til Tueneset med sjø og friluftsområde som vi bruker aktivt.

Vi jobbar aktivt med miljøet gjennom kjeldesortering og med å ta vare på naturen.

Pedagogikk

"Ein god barndom - investering i framtida". Det er vår visjon.

Vi ønsker å ta barn sin medverknad på alvor.

Barnehagen har mange barn med ulikt språk og ulik kulturbakgrunn. Vi vil vere opptatt av kulturformidling og kulturfellesskap.

Vi ønsker at barna ved Skarbøvika barnehage skal oppleve variasjon og mangfald i barnehagedagen.

Sjå årsplanen for Skarbøvika barnehage 2023 - 2024 (PDF, 2 MB)

Verdigrunnlag

Oppvekstmiljøet i Skarbøvika skal vere prega av: Omsorg, toleranse, likeverd og gjensidig respekt.

  • Omsorg: Ta vare på kvarandre, naturen og miljøet.
  • Toleranse: Romslegheit i forhold til likskap og ulikskap, inkludarende, open og tilgjengeleg for andre.
  • Likeverd: At alle bidrag stiller likt og at alle er like verdifulle.
  • Gjensidig respekt: Gjensidig ansvar og avhengigheit i, og utenfor gruppa. Unne kvarandre godt, rausheit og støttande praksis, sjå andre sine behov og prøve å imøtekomme desse.

Slik jobbar vi

Skarbøvika barnehage bruker aktivt naturen i nærmiljøet, og er ute i all slags ver.

Naturen er den beste leikeplassen. Den serverer eit mangfald av moglegheiter og utfordringar for alle. Vi meiner at nærkontakt med naturen gir meining og bidreg til livskvalitet for barna. Barna får stimulert alle sine sansar og vi drar inn alle fagområda frå rammeplanen.

Vi bruker bilde og praksisforteljingar for å dokumentere læring og opplevingar.

Avdelingar

Skarbøvika barnehage har tre avdelingar, ei småbarnsavdeling og to avdelingar for 3 – 6 år:

  • Sukkertoppen
  • Pila
  • Lilletoppen

Opingstider

Opningstida er frå kl 07.00 til 16.45. Opphaldstid i barnehagen er 9 timar pr. dag.

Barnehagen er stengt jul- og nyttårsaftan, samt  5 planleggingsdagar. Onsdag før skjærtorsdag er det ope  til kl. 12.00.

I sommerferien er barnehagen stengt i uke 28 og 29. Alle barn skal ha minst 4 veker ferie i løpet av året, derav 3 skal vere samanhengande. Barna sin ferie skal vere fastsett med tilbakemelding frå foreldre/føresette innan 30. april.

Kontakt

Besøksadresse: Harhauggata 42, 6006 Ålesund

Telefon avdelingar:

  • Lilletoppen: 475 16 040
  • Pila: 475 17 042
  • Sukkertoppen: 475 16 643
     

Styrar: Kristin Engesæt

Verksemdsleiar: Haldis Gundersen
 

Adressa til denne nettsida: alesund.kommune.no/skarbovik-barnehage

 

Søk etter kontaktinformasjon