Ratvikåsen barnehage

Ratvikåsen barnehage

Ratvikåsen barnehage ligg i Hatlane, i eit områda av Ålesund med mange barnefamiliar. 

Inne har vi god plass og eit variert miljø. Her har barna gode moglegheiter til å utfolde seg i leik og andre aktivitetar, til å skaffe seg erfaringar og ny kunnskap.   

Vi er så heldige at barnehagen vår ligg nær naturen. Vi bruker Hatlaåsen flittig, og når vi skal til sjøen har vi mange stader vi kan gå.

Leikeplassen vår er stor og variert. Der har vi ein fin skog, marker, asfaltplass til sykling og også ein liten akebakke. Vi ønsker at barna skal få mange naturopplevingar i all slags ver gjennom året, både i nærmiljøet og på leikeplassen. 

Pedagogikk

Barnehagen vår er inspirert av den pedagogiske tenkinga i Reggio Emilia. Heilt sidan krigen har dei kommunale barnehagane i Reggio Emilia i Italia utvikla ein pedagogisk filosofi som har inspirert pedagogar og barnehagefolk over heile verds, ikkje minst i Skandinavia

Vi meiner at barna lærer best ved å vere aktive i si eiga læring. Vi jobbar difor med små og store prosjekt med små aldersreine barnegrupper. Vi vil at barna skal vere aktive, nysgjerrige, spørjande og lærelystne, og at dei vaksne skal vere aktive i lag med barna.

Den pedagogiske tenkinga i Reggio Emilia tar utgangspunkt i dei tre pedagogar: den vaksne, barnet og det fysiske miljøet

  • Den vaksne: Personalet må vere aktive, oppmuntrande og nysgjerrige på barna sine tankar. Vi må lære barna å lære, utfordre barna, gi dei spørsmål å fundere på, og starte prosessar. Vi må lære barna å bli sjølvstendige og oppmuntre til nysgjerrigheit. Vi må oppmuntre til samarbeid og til at barna blir inspirerte av kvarandre.
    Personalet skal også vere omsorgspersonar, vi må sjå det enkelte barnet og dets behov.
  • Barnet: Barn lærer av å vere aktive saman med vaksne og andre barn. Vi må difor legge til rette for gode møteplassar for barna og rikeleg tid til leik og andre aktivitetar. Leiken er viktig for læring, samhandling, bearbeiding av inntrykk osv.
    Barna må få komme med sine teoriar og bli tatt på alvor av dei vaksne og dei andre barna.
    Barna skal også vere med på å forme sin eigen kvardag i barnehagen. Dei vaksne ønsker at barna kan lære av og bli inspirerte av kvarandre. Vi meiner at barn lærer best når dei er aktive i eiga læring.
  • Det fysiske miljøet:  Det fysiske miljøet er den tredje pedagogen. Eit gjennomtenkt miljø, som også barna har vore med på å utvikle, er viktig for leik, læring, samhandling, opplevingar og for at barna skal få nye erfaringar.

    På Ratvikåsen har fokus på å skape eit miljø som inspirerer til variert leik. Vi har et atelier, som inneholder mye gjenbruksmateriell. Her jobber vi kreativt med å synliggjøre barnas prosjekter. Vi har også innreidd eit rom som vi kallar Vil vite-rommet, der det er bøker, anna språk- og matematikkmateriell, spel og mykje spennande å halde på med. På småbarnsavdelingen er kjøkkenleiker, klosser, biler, dukker, bøker osv. tilgjengelig i barnas høyde.
    Vi legg vekt på at barna skal vere aktive i si egen læring, at dei skal medvirke i kvardagen, at miljøet er tilrettelagt for leik, læring, samhandling og sjølvstende.

Slik jobbar vi

Vi jobbar med prosjekt med små, nesten aldersreine grupper. Gruppene heiter Ørnene, Ekorna, Pinnsvina og Maurane.

Gruppene med dei største barna jobbar med prosjekt som kan vare kort eller lenge. Dei minste barna jobbar også med enkle prosjekt. Vi tar utgangspunkt i fagområda i rammeplanen og barna sine interesser.

Dokumentasjon frå prosjekta (foto, tekst og barna sitt arbeid), blir hengt opp på gruppene sine dokumentasjonstavler, og seinere sett i barna sine permar. Vi lagar også dokumentasjonshefte av kvart enkelt prosjekt, som foreldra og andre kan lese. Dokumentasjonen blir også brukt som utgangspunkt for refleksjon i personalgruppa.

På Ratvikåsen barnehage legg vi også stor vekt på den barnestyrte leiken, og på estetiske fag.

Avdelingar

Ratvikåsen barnehage har to avdelingar. På Maureavdelinga går ni  eitt- og toåringar og på Tretoppen går atten tre til femåringar.

Vi har felles atelier, bad, kjøkken og garderobe.

Opningstider

Opningstida er frå klokka 07.00 til 16.45.

Barnehagen er stengt jul- og nyttårsaften, samt inntil fem planleggingsdagar. Onsdag før skjærtorsdag er det ope til kl.12.00. I tillegg til desse dagane skal alle barn ha minst 4 veker ferie i løpet av året. 3 av dei må takast ut samanhengande.

I tråd med vedtektene kan barnehagen kan vere stengt inntil 3 veker i forbindelse med ferie. Vi er stengt veke 28, 29 og 30 i 2022, etter drøfting i barnehagen sitt samarbeidsutval, og spørjeundersøking blant foreldra.

Kontakt

Besøksadresse: Hatlaskaret 19, 6016 Ålesund

Verksemdsleiar: Marthe Lundemo

Leiar: Marianne Aasebø
E-post: marianne.aasebo@alesund.kommune.no

Telefon:
Styrar 95 87 06 87
Avdeling Tretoppen 476 20 647
Avdeling Maurane 948 82 027

Denne nettsida: alesund.kommune.no/ratvikasen-barnehage

Til toppen